Historisk arkiv

Vikna kommune får tilsegn på inntil 3,2 millionar kroner i samband med forlenging av ruteskipskaia i Rørvik hamn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kommunal- og arbeidsdepartementet


Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 07
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 15.09.95

Vikna kommune får tilsegn på inntil 3,2 millionar kroner i samband med forlenging av ruteskipskaia i Rørvik hamn

Kommunal- og arbeidsdepartementet har gjeve tilsegn om tilskot på inntil 3,2 millionar kroner i samband med forlenging av ruteskipskaia i Rørvik hamn.

I strategisk næringsplan for Nord-Trøndelag av 1990 vart det fokusert på mellom anna sjøverts transport. Rørvik spelar ei viktig rolle i det sjøverts transportsystem i Nord-Trøndelag, og at Rørvik er eit viktig knutepunkt i sjøverts ferdsel og godstrafikk langs kysten mellom Trondheim og Brønnøysund. Hamneplanen som ein del av samferdselsplanen utpeikar Rørvik hamn som ein av dei tre regionhamnene i fylket.

Kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge seier at ei utbygging/modernisering av Rørvik hamn er viktig for å kunne få til rasjonell trafikkavvikling for skipstrafikken, noko som også vil få verdi for næringsutviklinga i regionen.

Lagt inn 18 september 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen