Historisk arkiv

2,2 milliardar meir til kommunesektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 4.10.96

Statsbudsjettet 1997 nr. 2

2,2 milliardar meir til kommunesektoren

Regjeringa legg opp til ein samla inntektsvekst for kommunesektoren frå 1996 til 1997 på 2,2 milliardar kroner, ein reell vekst på om lag 1 1/4 prosent. I opplegget for kommune- økonomien blei det i mai i år varsla ein vekst for 1997 på oppi mot 1,5 prosent. Dei totale inntektene i kommunesektoren det neste året blir dermed på om lag 174,5 milliardar kroner.

  • Regjeringa foreslår - som tidlegare lova - å bruke om lag 470 millionar kroner til oppfølging av Inntektssystemutvalet. Eit nytt regionalt tilskot og auka skjønsrammer skal gå til kommunar og fylkeskommunar som elles ville kome dårleg ut av omlegginga av inntektssystemet, seier kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge.

Rammetilskotet

Rammeoverføringar til kommunesektoren vert auka reelt med 270 millionar kroner. I alt vert om lag 46,5 milliardar kroner fordelt som rammeoverføringar til kommunesektoren i 1997. Auken i rammeoverføringar er 200 millionar mindre enn varsla i kommuneøkonomiproposisjonen i mai. Forslaget om reduksjon i auken av ramma må sjåast i samanheng med styrkinga av økonomien i kommunesektoren i 1996 som følgje av auka skattevekst og behovet for å føre ein stram budsjettpolitikk. Den foreslåtte reduksjonen er fordelt med 125 millionar kroner på kommunane og 75 millionar kroner på fylkeskommunane.

Inntektsvekst

Ein vesentleg del av inntektsveksten for kommunesektoren er knytt til Reform-97 og satsing i helsesektoren. Til dekking av meirutgifter knytt til Reform-97 vert vel 900 millionar kroner overførte til kommunesektoren, om lag 740 millionar kroner over rammetilskotet. Kommunesektoren vert styrkt med om lag 800 millionar kroner til satsing på helse. Om lag 340 millionar kroner gjeld sjukehus, 270 millionar kroner går til poliklinisk behandling og 100 millionar kroner til psykiatri. Dessutan vert det sett inn midlar til kreftbehandling, rehabilitering og personelltiltak.

Som ein følgje av aktivitetsvekst er gebyrinntektene til kommunane utrekna til å auke med omlag 300 millionar kroner.

Skatteinntektene

Ein ventar at skatteinntektene til kommunesektoren for 1996 blir 2,5 milliardar kroner høgare enn det overslaget som vart gjort i mai viste. Dei auka inntektene fordeler seg med 1,5 milliardar kroner på kommunane og 1 milliard kroner på fylkeskommunane. Kommunesektoren vil få ta hand om meirskatteinntektene i 1996, men dei vil ikkje bli ført vidare i 1997.

For å unngå stor nedgang i rammetilskotet og for å sikre god fordeling mellom kommunane, foreslår Regjeringa å redusere satsane for kommunalt og fylkeskommunalt skattøyre. For kommunane vert skattøyren for personlege skattytarar redusert med 0,75 prosent til 11 prosent, og for etterskotspliktige (bedrifter) med 0,75 prosent til 4,75 prosent. For fylkeskommunane vert skattøyren for personlege skattytarar redusert med 0,5 prosent til 6,5 prosent og for etterskotspliktige med 0,25 prosent til 2,5 prosent.

Den enkelte skattytar merkar ikkje noko til reduksjonen i skattøyren, fordi fellesskatten til staten aukar tilsvarande reduksjonen i skatteinntektene til kommunane og fylkeskommunane. Auken i skatteinntektene til staten skal brukast til å auke dei statlege rammeoverføringane til kommunesektoren. Endringane i skattøyren sikrar at veksten i rammeoverføringane og skatteinntektene til kommunesektoren blir om lag like.

Inntektene i kommunesektoren er sett saman av skattar og rammetilskot (frie inntekter), øyremerka tilskot, gebyr og avgifter m.m. Dersom ein av disse faktorane blir større eller mindre enn føresett, må ein justere ein eller fleire av dei andre faktorane for å oppnå den planlagde totalsummen. Korleis kommunesektoren sine samla inntekter vert sett saman har stor verknad for korleis inntektene vert fordelte mellom kommunane. Når Regjeringa foreslår å redusere skattøyren har det altså ingen verknad for dei samla inntektene, men har berre verknad for samansetjinga av inntektene i sektoren.

Øyremerka tilskot

I statsbudsjettet vert det lagt opp til ein nominell nedgang på 3,5 prosent i øyremerka overføringar frå 1996 til 1997 . Reduksjonen skuldast i hovudsak at øyremerka overføringar på nær 1,5 milliardar kroner skal leggjast inn i inntektssystemet frå 1997. Desse midlane vert altså ikkje trekte inn, men vert overførde til kommunesektoren som rammetilskot. Dette gjeld mellom anna tilskotet til den kommunale landbruksforvaltninga på om lag 350 millionar kroner, tilskotet til miljøvern i kommunane på omlag 100 millionar kroner, tilskot til løner til omsorgstenestene i kommunane på i overkant av 400 millionar kroner, vertskommunetilskotet på om lag 70 millionar kroner og styrkingsmidlar til psykisk utviklingshemma på nær 600 millionar kroner.

Når det gjeld viktig auke i øyremerka tilskot, vil desse i 1997 knytast til auka helsesatsing på om lag 800 millionar kroner og auka øyremerka overføringar til Reform-97.

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen