Historisk arkiv

2.6 millionar kroner til Geilo nye vassverk, Hol kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

23.10.96


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

2.6 millionar kroner til Geilo nye vassverk, Hol kommune

Kommunal- og arbeidsdepartementet har gitt tilsegn om eit tilskot på inntil 2,6 millionar kroner i samband med utbyggingstilltak ved Geilo nye vassverk. Utbyggingskostnadene for prosjektet er oppgitt til om lag 11,9 millionar kroner.

Etter innstilling frå Folkehelsa gir departementet tilskot til det nye vassverket på Geilo. - I tillegg til at vassverket vil gi vatn med tilfredsstillande kvalitet til om lag 9000 personar, har dette prosjektet mykje å seie for turistnæringa på Geilo, seier kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge.

Lagt inn 24 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen