4,2 millionar kroner til bygging av kai ved Tiendholmen, Namsos
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet
Pressemelding | Dato: 23.10.1996 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
23.10.96
Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67
4,2 millionar kroner til bygging av kai ved Tiendholmen, Namsos
Kommunal- og arbeidsdepartementet har gitt Namsos kommune tilsegn om tilskot på inntil 4,2 millionar kroner i samband med at det skal byggjast ny kai ved Tiendholmen i Namsos.
Namsos er saman med Verdal og Rørvik peikt ut som dei mest sentrale hamnene i Nord-Trøndelag, der satsinga på hamneutvikling bør kanaliserast. Det kjem fram gjennom hamneplanen for Nord-Trøndelag, der desse hamnene er peikt ut som regionhamner.
Den planlagde utbygginga er kostnadsrekna til om lag 18,6 millionar kroner, og skal være første byggjesteg i ei komande hamneutvikling i Namsos.
Lagt inn 24 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen