Historisk arkiv

Vidareføring av det bustadpolitiske opplegget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

Kommunal- og arbeidsdepartementet


Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 34 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Anne Marit Schiong. Tlf. priv.: (+47) 22 62 19 67

Oslo, 4.10.96

Statsbudsjettet 1997 nr. 4

Vidareføring av det bustadpolitiske opplegget

  • Etter at vi la om subsidiebruken i budsjettet for 1996, er det til neste år ikkje større endringar i budsjettet for bustadsektoren. Dette inneber ei framleis sterk satsing på etableringshjelp for husstandar med svak økonomi og ikkje minst satsing på byfornying og utbetring av bustadmassen. Husstandar med svak økonomi skal kunne få hjelp til etablering i egna bustad med bruk av tilskot og lånemidlar. Regjeringa legg vekt på at desse midlane skal vere eit verkemiddel for den enkelte kommune i arbeidet med å bidra til bustader for sine innbyggjarar, seier kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge.
  • Bygging av omsorgsbustader og etablering av einerom er et prioritert satsingsområde for Regjeringa og vi aukar løyvinga med 90 millionar kroner, seier Berge.

Regjeringa legg stor vekt på følgje opp stortingsmeldinga om levekår og buforhold i storbyane og vedtak i Stortinget om ein handlingsplan for Oslo indre aust. Innafor bustadsektoren satsar vi derfor vesentlege midlar på byfornying og annan utbetring av bustadmassen i dei store byane.

Arbeidet med å betre eldreomsorga er prioritert av Regjeringa og tilskotet til etablering av omsorgsbustader og einerom på sjukeheimar er derfor styrkt vesentleg også i budsjettet for 1997. Husbanken vil kunne disponere 457 millionar kroner til dette formålet i 1997. Frå 1997 kan det også gjevast eit mindre tilskot på kroner 60 000 til utbetring av sjukeheimar.

Som ei oppfølging av endringane av plan- og bygningsloven har Regjeringa vedteke å opprette eit sentralt godkjenningsorgan for yrkesutøvarar innan byggjebransjen. Godkjenningsorganet vert lagt inn under Statens bygningstekniske etat.

Regjeringa legg opp til ei låneramme i Husbanken på 8,5 milliardar kroner i 1997. Låneramma skal nyttast til oppføring av nye bustader, utbetring og til etablering i egna bustad for husstandar med svak økonomi. Det vert lagt opp til at Husbanken skal kunne grunnfinansiere om lag like mange bustader i 1997 som i år.

Løyvinga til programområde 14 Bolig, bomiljø og bygningssaker, blir vesentleg redusert som følgje av ei teknisk omlegging av innlånssystemet til Husbanken og lågare tapsoverslag for Husbanken si verksemd.

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen