Historisk arkiv

1995- løyvinga til norsk kulturfond fordelt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Kontaktperson: Eksp.sjef Sigve Gramstad, tlf. 22 34 80 00

Sperrefrist: etter statsråd, 27.01.1995
Pressemelding 10/95, 27.01.1995

1995- løyvinga til norsk kulturfond fordelt

Fordelinga av løyvinga til Norsk Kulturfond for 1995 på 131,9 mill. kroner vart vedteken i statsråd fredag. I hovudsak er det ei vidareføring av tildelinga for 1994.

Til litteratur blir det sett av 60,5 mill. kroner, ein auke på ein halv mill. kroner. I hovudsak går denne avsetninga til innkjøpsordningane for ny norsk skjønnlitteratur.

For første gong får områda Kultur og medium og Kultur og helse eigne avsetningar, med fagutval som skal arbeide på desse områda. Kulturrådet skal vidareføre prioriteringa av tiltak for barn og unge og det visuelle miljøet.

1995-løyvinga til Norsk Kulturfond på 131,9 mill. kroner er fordelt slik: litteratur 60,5 mill. kroner, tidsskrift 2,3 mill. kroner, musikk 8 mill. kroner, biletkunst/kunsthandverk 8,5 mill. kroner, kulturvern 12,1 mill. kroner, kulturbygg 8,5 mill. kroner, barn og unge 7,5 mill. kroner, kultur og reiseliv 2 mill. kroner, visuelt miljø 3,5 mill. kroner, andre formål 11,7 mill. kroner, kultur og medium/kultur og helse 1 mill. kroner, utval og utgreiingar 1,7 mill. kroner og administrasjon 4,6 mill. kroner.

Lagt inn 20 juni 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen