Historisk arkiv

Norges idrettsforbund får 231,3 mill. kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Kontaktperson: Informasjonssjef Berit Griebenow, tlf. 22 34 78 09
Pressemelding 110/95, 22.12.1995

Norges idrettsforbund får 231,3 mill. kroner

Norges Idrettsforbund får 231,3 mill. kroner av speleoverskotet for 1995 i Norsk Tipping AS. Dette vart fastsett i statsråd fredag.

I overføringa ligg 16,6 mill. kroner i øyremerkte midlar til dei prioriterte områda anti-doping, barn, ungdom, kvinner og eldre. Dessutan får Norges Idrettsforbund 3 mill. kroner til eit felles idrettsadministrativt datasystem.

15,88 mill. kroner skal gå til deltaking i OL og Paralympics i Atlanta neste år og Nagano i 1998. Midlar til Nagano-leikane skal setjast av alt no, slik at belastninga på spelemidlane kan fordelast over fleire år.

Det samla speleoverskotet for 1995 til idrettsformål blir rekna til om lag 563 mill. kroner. Utover tilskotet til Norges Idrettsforbund går midlane til idrettsanlegg og enkeltståande prosjekt. Fordelinga til desse formåla blir først fastsett etter årsmøtet i Norsk Tipping AS i mars 1996.


Lagt inn 22 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen