Historisk arkiv

Sal av velodrom-element

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kulturdepartementet


Ekspedisjonssjef Hans B. Skaset, tlf. 22 34 80 50

Sperrefrist:Ingen
Pressemelding 30/95, 31.3.95

SAL AV VELODROM-ELEMENT

Kulturdepartementet vil selje dei gjenverande delane av velodromen frå Sykkel-VM '93 til firmaet Block Watne. Bere-elementa for velodromen har vore lagra i ein fabrikkhall på Moelv sidan hausten 1993. Materiala vil no bli nytta i byggjeindustrien. Freistnadene på å få velodromen gjenoppbygd i Noreg har ikkje ført fram.

Norges Cykleforbund vart bede om å utgreie alternativ for etterbruk av velodromen både før og etter sykkel-VM '93, men har ikkje kome fram med prosjekt som let seg realisere.

Manglande finansiering har gjort at heller ikkje prosjekt foreslått frå anna hald har late seg gjennomføre. Det gjeld framlegget om velodrom i ein fabrikkhall på Moelv, som vart stansa fordi Ringsaker kommune kravde monaleg finansiell medverknad frå Kulturdepartementet.

Framlegget om velodrom ved Noregs Idrettshøgskole førte heller ikkje til noko resultat. Skolen ville ta på seg driftsansvaret, men Oslo kommune var ikkje villig til å gå med i finansieringa. Heller ikkje framlegget om velodrom i Bønes racketsenter i Bergen førte fram. Hovudutvalet for fritid og kultur i Bergen slo fast at prosjektet ikkje let seg realisere.

Eit amerikansk selskap har også ønskt å kjøpe velodromen, men er ikkje blitt samd med arkitekten som har opphavsretten til konstruksjonen, om omfattande endringar av velodromen.

Oppdatert 13 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen