Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - Innkjøpsordning for fagbøker for barn og unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef  Sigve Gramstad, tlf. 22 34 80 00
Sperrefrist: 04.10.1995, kl. 1000
Pressemelding 74/95, 04.10.1995

STATSBUDSJETTET 1996

Innkjøpsordning for fagbøker for barn og unge

Kulturdepartementet foreslår å opprette ei selektiv innkjøpsordning for nye norske fagbøker for barn og unge i 1996. Ordninga skal omfatte ca. 20 titlar pr. år i 1550 eksemplar. Innkjøpsordninga skal medverke til å få fram norskproduserte fagbøker for barn og unge.

Det er gjort framlegg om ei løyving på 3,3 mill, kroner til Norsk kulturfond til denne innkjøpsordninga.

Kulturdepartementet bad i 1992 Norsk kulturråd om å vurdere ulike tiltak for å sikre produksjonen av fagbøker for barn og unge, tilpassa norske behov. Kulturrådet kom fram til at tilbodet av fagbøker for barn og unge ikkje er tilfredsstillande og gjorde framlegg om ei innkjøpsordning. Det vart vist til at barn og unge treng enklare fagbøker og andre slag opplysningar, og dei har andre interesser enn vaksne. Dei fleste fagbøker for denne lesargruppa er omsette frå andre språk, og innhaldet er ikkje tilpassa norske tilhøve. Produksjon av fagbøker er dessutan svært ressurskrevjande både for forfattarar og forlag.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen