Historisk arkiv

Barn og unge prioriterte målgrupper

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

61/96, 4 oktober 1996

Barn og unge prioriterte målgrupper

I tråd med målsetjingane i kulturmeldinga har dei institusjonane Kulturdepartementet har eit økonomisk ansvar for, lagt stadig meir vekt på formidling til barn og unge. I budsjettforslaget for 1997 er dette følgt opp også gjennom nye tiltak. Institusjonane vil samstundes leggje enda meir vekt enn før på at Noreg er blitt eit fleirkulturelt land, ikkje minst for å styrkje den kulturelle dialogen.

- Både Norsk kulturråd og Norsk kassettavgiftsfond skal prioritere søknader om støtte til fleirkulturelle tiltak og tiltak for barn og ungdom.

- Fleirkulturelle kulturtiltak for barn og unge er prioriterte oppgåver også for Riksteatret, Rikskonsertane og Riksutstillingar.

- I samband med grunnskulereforma skal alle seksåringane få eit tilbod om skulekonsert, og Kulturdepartementet gjer framlegg om at Rikskonsertane får 2,1 mill. kroner til dette.

- Norsk kulturråd har frå 1993 hatt fleire "Pilotgalleriprosjekt" for å prøve ut nye former for formidling av biletkunst til barn og unge. Kulturdepartementet foreslår at prosjekta skal førast vidare ved dei institusjonane som departementet har eit økonomisk ansvar for. Pilotgalleriprosjekt vil bli sette i gang ved fleire knutepunktinstitusjonar i 1997. Ein føresetnad er at dei også får lokale løyvingar. Ansvaret for å utvikle pilotgalleria vidare er lagt til Riksutstillingar, som får 2 mill. kroner til oppfølging av pilotgalleria og til nasjonal plan for biletkunst og kunsthåndverk.

- 5 mill. kroner blir sette av til IT-utvikling i biblioteka, som skal starte arbeidet med eit landsdekkjande nettverk for kunnskap og kultur. Biblioteka vil spele ei avgjerande rolle i å gje alle tilgang til nettet, utan omsyn til økonomi og bustad, tilgang til nettet.

- I samband med den nye grunnskulereforma har Kulturdepartementet saman med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet lagt fram ein handlingsplan - Broen og den blå hesten - for å styrkje dei estetiske faga og kulturdimensjonen. Arbeidet med å settje planen i verk vil for alvor ta til i 1997, og det er sett av pengar til dette.

- Internasjonalt Kultursenter og Museum (IKM), som arbeider i Oslo indre aust, rettar verksemda si særleg mot barn og unge med innvandrarbakgrunn. IKM har i prøvefasen fått støtte frå Norsk kulturråd med 0,5 mill. kroner årleg. Frå 1997 har Kulturdepartementet foreslått driftstilskot over statsbudsjettet med 1 mill. kroner.

- Kulturdepartementet har som ei prøveordning i 1994-96 gitt prosjektstøtte til kulturarbeid i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Det blir foreslått midlar til denne kulturverksemda også i 1997, og at dei blir forvalta av Landsrådet for norske ungdomsorganisasjoner (LNU). Arbeidet med å få med seg også barn og unge med innvandrarbakgrunn må styrkjast.

- Barn og unge er ei prioritert målgruppe for dei tiltaka som går inn under Regjeringas treårige handlingsplan mot vald i biletmedia. Planen vart sett i verk i 1995. Det er gjennomført ein medie- og haldningskampanje, som starta med ein konferanse om barn og unge og fjernsyn. Kampanjen omfattar òg ein video- og teiknekonkurranse for barn og unge og ein informasjonsbrosjyre som blir distribuert til alle foreldre som har barn i barnehage- og grunnskulealder.

- Det er sett av 150 000 kroner til manusverkstader for barnefilm i regi av Statens studiesenter for film.

- Eit av hovudmåla for løyvinga til spelefilm er at det skal satsast på barne- og ungdomsfilm. Talet på norske spelefilmar som er produserte for barn, auka til tre i 1995. Same året vart det gitt produksjonstilskot til 11 barne- og ungdomsfilmar, og tilbodet vil difor auke vesentleg i tida framover.

- I løyvinga til importstøtte av verdifull film blir barne- og ungdomsfilmar prioriterte. I 1995 var sju av dei 18 filmane som fekk importstøtte, filmar for barn og unge.

- Barn og unge er ei prioritert målgruppe for tiltak som blir støtta med midlar frå speleoverskotet til idrettsformål. Norske barn har dei seinare åra vorte mindre fysisk aktive. Kulturdepartementet vil i tida framover vere med på å setje "Barn i bevegelse" på dagsorden, mellom anna med å vidareføre øyremerking av midlar til barn og unge i regi av Norges Idrettsforbund.

- Gjennom midlar til storbytiltak, 6 mill. kroner i 1996, søkjer departementet å leggje til rette for ein lågare inngangsterskel til å drive fysisk aktivitet. Tiltaka blir særleg retta mot bydelar med fleirkulturelle miljø.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf 22 24 80 00

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen