Historisk arkiv

Japanske tresnitt til norske bibliotek

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Pressemelding 39/96, 24.06.1996

Japanske tresnitt til norske bibliotek

300 japanske fargetresnitt som kulturminister Åse Kleveland har motteke som gåve til Noreg, er no fordelte til folkebibliotek og kunstfaghøgskolar slik gjevaren har ønskt .

Eigedomsretten til trykka er overført til Nasjonalgalleriet, der dei no er registrerte.

Trykka er gjevne av The Utagawa Society of Japan og er frå tida 1820-1865. Det er nytta ein spesiell teknikk som blir kalla Ukiyo-e. Utagawa-selskapet består av over 300 samlarar som eig om lag 40 000 gamle japanske tresnitt. Selskapet har vedteke at 10 000 originale, tradisjonelle tresnitt skal gjevast i gåve til bibliotek og skolar over heile verda.


Lagt inn 24 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen