Historisk arkiv

Kulturminneåret 1997

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

82/96, 4 oktober 1996

Kulturminneåret 1997

Kulturdepartementet står saman med Miljøverndepartementet som initiativtakar til Kulturminneåret 1997 under slagordet "Forankring fryder", og foreslår ei løyving på

5,5 mill. kroner til satsing på kulturminne. Målet for året er å skape positiv interesse og forståing for rikdomen av kulturminne som finst over heile landet. Søkjelyset vil bli sett på tekniske og industrielle kulturminne og på kulturminne langs kyst og vassvegar, og vil medverke til at folk blir betre kjende med kulturminna.

3,15 mill. kroner blir foreslått til museumsdrift knytt til dei sju tekniske og industrielle kulturminna Fetsund Lenser, Klevfos Cellulose & Papirfabrik, Nes Jernverk, Sjølingstad Uldvarefabrik, Vestnorsk industristadmuseum i Tyssedal, Salhus Trikotasjefabrikk og Spillum Dampsag & Høvleri.

Desse kulturminna er peikte ut som særleg verneverdige av ei arbeidsgruppe nedsett av Miljøverndepartementet og Kulturdepartementet. Arbeidsgruppa vart sett ned for å sikre framtidig drift og vedlikehald av dei tekniske industrielle kulturminna som alt har fått statlege investeringsmidlar. Miljøverndepartementet vil også prioritere dette området i 1997. Dei utvalde kulturminna og kulturmiljøa viser eit tverrsnitt av det mangfaldet som tekniske og industrielle kulturminne av nasjonal interesse kan representere.

Departementet gjer framlegg om 2,5 mill. kroner til andre tiltak knytt til gjennomføringa av Kulturminneåret 1997, m.a. tiltak for å gjere kulturminna i musea tilgjengelege på Internett.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen