Historisk arkiv

Meir vekt på fleirkulturelle tiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

60/96, 4 oktober 1996

Meir vekt på fleirkulturelle tiltak

Kulturdepartementet SKAL FRÅ 1997 satse sterkare på å støtte tiltak som tar omsyn til at Noreg held på å bli eit land med eit større mangfald av kulturar. På alle budsjettområde skal det vurderast korleis ein kan styrkje og synleggjere den fleirkulturelle dimensjonen.

Viktige statlege kulturinstitusjonar som Riksteatret, Rikskonsertane og Riksutstillingar vil leggje særleg vekt på arrangement som styrkjer den kulturelle dialogen mellom nordmenn og innvandrarar. Rikskonsertane har fått ein halv million ekstra til dette formålet. Norsk kassettavgiftsfond kjem til å prioritere søknader som gjeld fleirkulturelle prosjekt, og Norsk kulturråd har fått 2 mill. kroner øyremerkte til dette formålet.

Internasjonalt Kultursenter og Museum, IKM, på Tøyen i Oslo får for første gong driftsstøtte direkte over statsbudsjettet, med 1 mill. kroner i 1997. Det er ei dobling av tilskotet dei har fått frå Norsk Kulturråd.

Kultursenteret arbeider for å byggje kulturelle bruer mellom nordmenn og innvandrarar. Senteret arrangerer kurs i dans og musikk og har ulike typar utstillingar. Oppslutninga er stor, særleg til dei mange arrangementa for barn og ungdom. IKM samarbeider med Norsk Folkemuseum, Etnografisk museum, Oslo Bymuseum og Munch-museet.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen