Historisk arkiv

Pilotgalleriprosjekta held fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

66/96, 4 oktober 1996

Pilotgalleriprosjekta held fram

Pilotgalleriprosjekta for barn og ungdom, som Norsk kulturråd har hatt ansvar for, blir no gjort om til ei fast ordning. Samstundes blir ordninga teken inn på Kulturdepartementets budsjett.

Den nye institusjonen Riksutstillingar får ansvaret for forvaltning og utvikling av Pilotgalleria. Eit tilskot på 2 mill. kroner blir sett av til oppfølging av Pilotgalleria og

den nasjonale planen for biletkunst og kunsthandverk. Framlegget om vidareføring gjeld Pilotgalleriprosjekta ved dei institusjonane Kulturdepartementet har fullt eller delvis budsjettansvar for. Ein tek sikte på å setje i gang Pilotgalleriprosjekt ved fleire knutepunktinstitusjonar i løpet av 1997.

Pilotgalleriprosjekta vart sette i gang sommaren 1993 av Norsk kulturråd, og dei får støtte ut 1996. Kulturrådet gjennomfører i haust ei evaluering av ordninga, og førebels resultat av evalueringa er så positiv at Kulturdepartementet vil vidareføre ordninga.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf 22 24 80 00

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen