Historisk arkiv

Profesjonelt jazzensemble blir oppretta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

70/96, 4 oktober 1996

Profesjonelt jazzensemble blir oppretta

Kulturdepartementet går inn for å opprette eit profesjonelt jazzensemble i ein prøveperiode på tre år i regi av Norsk kulturråd. Ordninga vil basere seg på at etablerte ensemble kan søkje om støtte for eit bestemt tidsrom. Fleire vil på denne måten over tid kunne nyte godt av offentleg støtte og dermed få betre vilkår for utvikling og synleggjering.

Framlegget tek utgangspunkt i rapporten "Improvisasjon sett i system" som låg føre på slutten av 1995, etter ei utgreiing om etablering av eit norsk jazzforum. Hovud- konklusjonane i rapporten er å samle eksisterande jazzorganisasjonar og noverande aktivitetar i ein ny organisasjon, Norsk Jazzforum, styrkje jazzformidlinga, opprette to profesjonelle jazzensemble og styrkje organisasjonane.

Departementet ønskjer ikke å ta stilling til korleis jazzorganisasjonane vel å organisere seg for å løyse ulike arbeidsoppgåver. Når det gjeld styrking av formidlinga, vil departementet i samarbeid med Norsk kulturråd og jazzmiljøet sjå på tilhøvet til noverande jazzaktivitet finansiert med statlege midlar og korleis ein kan oppnå best mogleg bruk av ressursane på området.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf 22 24 80 00

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen