Historisk arkiv

Rikskonserttilbod også for 6-åringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

71/96, 4 oktober 1996

Rikskonserttilbod også for 6-åringar

6-åringane kjem inn i skulen for fullt i 1997, og det er da viktig å utvide og vidareutvikle skulekonsertordninga. Det blir difor gjort framlegg om ein auke til Rikskonsertane på

2,1 mill kroner til dette føremålet. Løyvinga fører til at også 6-åringane får konserttilbod

i dei kommunane som i dag mottek skulekonsertar. Rikskonsertane har no tilbod om skulekonsertar i alle fylke og når rundt 285 000 skulebarn i om lag 365 kommunar.

Norsk fleirkulturelt musikksenter

Rikskonsertane har ei omfattande fleirkulturell musikkverksemd. Til styrking av denne verksemda er det gjort framlegg om ein auke på 0,5 mill kroner.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen