Historisk arkiv

Satsing på dans

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

76/96, 4 oktober 1996

Satsing på dans

Dans er eit satsingsområde på kultursektoren, og det blir foreslått 4,3 mill. kroner til betring av tilhøva for dansarane i 1997. Verksemda til Nasjonalballetten i Den Norske Opera er styrkt med 1,3 mill. kroner, m.a. til etablering av ei aspirantordning med minst fire plassar. Midlane skal òg nyttast til å styrkje operaballettens ordinære verksemd og turnéverksemd i Noreg. Føremålet med ei aspirantordning er å styrkje rekrutteringa av unge norske dansarar til Nasjonalballetten, som er det einaste faste klassiske ballettkompaniet i Noreg. Aspirantordninga vil bli ein parallell til den eksisterande stipendordninga for songarar ved Den Norske Opera.

For 1997 er Riksteatrets turnémidlar auka med 1 mill. kroner øyremerkte til dans.

Tilskotet til fri scenekunst og dei frie sceniske gruppene er for 1997 auka med 1,8 mill. kroner til styrking av danseframsyningar.

Nye Carte Blanche, som er det andre faste danseensemblet i Noreg, representerer moderne dans. I 1997 blir tilskotet auka med 200 000 kroner som er statens del av kostnadene til oppretting av ei ny stilling i danseensemblet.

På konferansen om dans som vart halden i november 1995, kom det fram eit sterkt ønskje om etablering av eit Dansens Hus. Denne saka vil bli vurdert i samband med utbygging av lokale for dei tre riksinstitusjonane på Nedre Foss i Oslo øst. Departementet vil òg seinare vurdere ulike modellar for å knyte dansarar til Trøndelag Teater i tråd med dei planane som teatret har lagt fram i samband med at dei flytter inn i nytt bygg.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad, tlf. 22 24 80 00

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen