Historisk arkiv

Stipend og garantiinntekter for kunstnarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

63/96, 4 oktober 1996

Stipend og garantiinntekter for kunstnarar

Kulturdepartementet ser stipenda og garantiinntektene som ein viktig del av den samla kunstnarpolitikken. I 1997 vil det bli lagt fram ei stortingsmelding om arbeids- og inntektstilhøva til kunstnarane. Meldinga vil mellom anna presentere og vurdere dei ulike støtte- og vederlagsordningane for kunstnarar både kvar for seg og som ein del av ein heilskapleg kunstnarpolitikk.

Til stipend og garantiinntekter for kunstnarar er det foreslått å løyve 111,5 mill kroner i 1997. Av dette vil om lag 65,5 mill kroner bli nytta til garantiinntekter.

Æresløna til Per Aabel er foreslått auka med 6 000 kroner, til 100 000 kroner pr. år. Dei fire æresstipenda er foreslått auka med 4 000 kroner, til 130 000 kroner årleg pr. stipendmottakar.

To nye statsstipend

Kulturdepartementet gjer framlegg om tildeling av to nye statsstipend, til musikar Sondre Bratland og idéhistorikar Lars Roar Langslet. Båe stipenda er i lønssteg 38, det vil seie 252 300 kroner årleg.

Statsstipendiatordninga omfatta 57 personar i 1996. 24 personar fekk statsstipend etter satsane i statens lønsregulativ, og 33 personar fekk ein nærmare fastsett sum.

Kunstnarstipend

Arbeidsstipend kan tildelast alle typar kunstnarar for inntil fem år. Departementet gjer framlegg om å auke talet på arbeidsstipend frå 158 til 160 og heve kvart stipend frå 97 500 kroner til 99 000 kroner.

Garantiinntekter

Garantiinntekta svarar til lønssteg 1 i statens lønsregulativ, som er 133 800 kroner årleg, med eit frådrag på 65 prosent av eigeninntekta til kunstnaren to år før. Framlegget frå departementet inneber at om lag 510 kunstnarar vil motta garantiinntekt i 1997.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad tlf 22 24 80 00

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen