Historisk arkiv

Verdivurdering og aksjekapital for NRK

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kulturdepartementet

Kontaktperson: Eksp.sjef Helge Sønneland, tlf. 22 24 80 02
Pressemelding 12/96, 23.02.1996

VERDIVURDERING OG AKSJEKAPITAL FOR NRK

NRK vil bli omorganisert frå stifting til aksjeselskap i løpet av april. Forslag om åpningsbalanse og aksjekapital for selskapet NRK, der staten skal eige alle aksjane, vart lagt fram i statsråd fredag. Aksjekapitalen blir foreslått sett til ein milliard kroner.

Revisjonsfirmaet Ernst & Young har gjennomført ei vurdering av verdiane i NRK og har også utarbeidd framlegg til åpningsbalanse.

Verdien av sendarnettet er vurdert til å vere 1 841 mill.kroner. NRKs del av nettet er vurdert til 1 661,6 mill. kroner, resten eig Telenor AS. Verdien av sendarnettet er vurdert ut få kva eit nybygt nett til same standard ville koste. Normalt ville ein ha rekna ut marknadsverdien på sendarnettet. Problemet er at det korkje i Norden eller elles i Europa finst ein fungerande marknad som gjer det mogleg å rekne ut marknadsprisar tilpassa norske tilhøve.

Programbanken i fjernsynet er utrekna til ein verdi på 29 mill.kroner. Verdien av retten til å kunne utnytte framtidig produsert materiale vil vere om lag 54 mill.kroner. Programbanken i radioen er det ikkje fastsett nokon verdi på.

Samla salsverdi for eigedomane til NRK vil vere om lag 1 737 mill.kroner. Dei fleste er direkte knytte til sjølve drifta av NRK. Samla salsverdi av eigedomar som kan seljast utan negative konsekvensar for drifta er om lag 73 mill.kroner. Det er hytter, ubygde tomter, bustader m.v. som NRK eig.

Eit samandrag av åpningsbalansen vil ifølgje revisjonsfirmaet sjå slik ut basert på stoda pr. 1.januar 1995 (tal i 1000 kroner):

  • Eigedelar:
    • Omløpsmidlar 870 155
    • Anleggsmidlar 1 569 829
  • Sum 2 439 984
  • Gjeld og eigenkapital:
    • Kortsiktig gjeld 712 559
    • Langsiktig gjeld 179 201
    • Eigenkapital 1 548 224
  • Sum 2 439 984

Lagt inn 27 februar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen