Historisk arkiv

Utdeling av Sunnivastipendet 1995

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 34 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 34 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 100-95, 13. desember 1995

Utdeling av Sunnivastipendet 1995

Tid: Fredag 15. desember kl. 13.00-14.00
Stad: Kyrkjerådet, Underhaugsvn. 15, Oslo

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Gudmund Hernes vil fredag 15. desember dele ut Sunnivastipendet for første gong. Sunnivastipendet er ein parallell til Olavstipendet, men vert delt ut til medlemmer av dei valde kyrkjelege råda, kyrkjelydsråd, bispedømmeråd eller Kyrkjerådet. Tildelinga vil finne stad i Kyrkjeråda sine lokale i Oslo. Den samla stipendsummen er på 350 000 kroner.

Dei tre som får Sunnivastipendet for 1995 kjem frå Bergen, Stavanger og Gudbrandsdalen.

KUF oppretta Sunnivastipendet m.a. for å auke kunnskapen om kyrkja si rolle i samfunnet og styrkje kyrkja sin kompetanse til å løyse eigne oppgåver.

Sunnivastipendet vert delt ut til ein eller fleire personar med minst 3 års røynsle som lek medlem av eit kyrkjeleg rådsorgan.

Då fristen gjekk ut hadde det meldt seg 10 søkjarar til Sunnivastipendet for 1995.

Pressa er velkommen til utdelinga!

Helsing
Jon Aarekol


Lagt inn 14 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen