Historisk arkiv

1 Milliard Til Vidaregåande Opplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 079-96, Dato 4. oktober

1 MILLIARD TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjer framlegg om å løyve om lag1 milliard kroner til vidaregåande opplæring. Dette er ein reduksjon på om lag 2,9 prosent i høve til i fjor. Aktiviteten vil halde fram om lag på same nivå som i 1996. Hovuddelen av dei statlege tilskota til drift av vidaregåande opplæring ligg i rammeoverføringane til fylkeskommunane over Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett.

Midlane dekkjer i hovudsak øyremerkte tilskot til fylkeskommunar og lærebedrifter. Budsjettframlegget er i stor grad prega av Reform 94. Løyvinga til etterutdanning, til utvikling og produksjon av lærebøker og til utstyr blir ført vidare på eit høgt nivå også i 1997.

For 1997 er det gjort framlegg om å løyve 200 millionar kroner som tilskot til bedrifter som tek inn lærlingar som staten har ansvar for. Dette er lærlingar utan rett til vidaregåande opplæring og som ikkje kjem inn under den plikta fylkeskommunane har til å gi slik opplæring ifølgje omfangsforskrifta.

Rapportar frå fylkeskommunane i siste halvdel av august 1996 viser at over 9 000 av Reform 94-elevane har fått lærekontrakt. Fylkeskommunane har plikt til å opprette opplæringsklassar i skule i fag der det ikkje er nok læreplassar.

Fylkeskommunen ved oppfølgingstenesta skal sørgje for at ungdommar som ikkje er under opplæring eller i arbeid, får tilbod om passande opplæring. Rapportar frå fylkeskommunane viser at av 105 500 ungdommar med rett til vidaregåande opplæring er nær 98 prosent i opplæring eller arbeid.

Når det gjeld etterutdanning, viser rapportar frå fylkeskommunane at:

  • om lag 53 000 lærarar og 14 000 instruktørar i bedrift etter planen vil ha deltatt i ulike etterutdanningsopplegg pr 31. desember 1996.
  • staten og fylkeskommunane samla vil ha brukt 430 millionar kroner til etterutdanning i perioden 1993-96.

Det er færre vaksne søkjarar utan tilbod om skuleplass hausten 1996.

Pressekontaktar:

Ekspedisjonssjef Ole Briseid , tlf a 22 24 76 03, p 31 28 25 21
Avdelingsdirektør Jan Ellertsen, tlf a 22 24 75 30, p 67 12 13 93

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen