Historisk arkiv

Ole Briseid ny ekspedisjonssjef i KUF

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Terje Flesjø, telefon 22 24 74 09, privat 69 28 68 70
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 022-96, 29. mars 1996

Ole Briseid ekspedisjonssjef i KUF

Ole Briseid (51) er i statsråd 29. mars utnemnt til ekspedisjonssjef i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Avdelinga for vidaregåande opplæring. Briseid er i dag avdelingsdirektør i samme avdeling.

Ole Briseid er cand. philol. frå Universitetet i Oslo med engelsk hovudfag. Han har tidlegare arbeidd som lektor, undervisningsinspektør og studieinspektør i den vidaregåande skolen. I perioden 1984-87 arbeidde han ved Rådet for vidaregåande opplæring, og frå 1987 har han vore tilsett i KUF, der han har hatt ulike stillingar. Frå 1993 har han vore avdelingsdirektør ved Avdelinga for vidaregåande opplæring.


Lagt inn 29 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen