Historisk arkiv

Storsatsing på lærlingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 34 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 34 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 003-96, 9. januar 1996

Storsatsing på lærlingar

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil i samarbeid med NHO, KS, LO, YS og Administrasjonsdepartementet i veke 3 gjennomføre ein større informasjonskampanje for å skaffe fleire lærlingplassar. Kampanjen vil setje søkelyset på lærlingordninga, og rettar seg særskilt mot bedriftsleiarar i privat sektor, men også mot offentlege verksemder som tradisjonelt ikkje har hatt lærlingar.

Hausten 1996 skal dei elevane som starta i vidaregåande opplæring etter Reform 94 og har valt yrkesfaglige studieretningar ta til med bedriftsdelen av opplæringa. Det er rekna med at behovet til saman er om lag 17 000 lærlingplassar.

-Det er framleis eit stort behov for lærlingplassar, og vi ønskjer med denne kampanjen for alvor å fokusere på den delen av utdanninga som gjeld opplæring i bedrift, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar. Vårt mål er å få alle bedriftsleiarar, i små som i store bedrifter til å ta inn lærlingar. Å skaffe nok lærlingplassar er den store styrkeprøven i vår, seier Sandal.

Reklameinnslag på TV2, annonser i alle landets aviser med oppmoding å ringe grønt nummer 800 30 300 og regional oppfølging frå fylka er mellom dei tiltaka som vil bli sett i verk i løpet av kampanje-veka.


Lagt inn 9 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen