Historisk arkiv

Vidareføring av nasjonal opning ved allmennfakulteta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Terje Flesjø, telefon 22 24 74 09, privat 69 28 68 70
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 032-96, 10. mai 1996

Vidareføring av nasjonal opning ved allmennfakulteta

Regjeringa går inn for at det framleis skal vere opning på nasjonal basis ved grunnfag og mellomfag ved allmennfakulteta (dei historisk-filosofiske, samfunnsvitskaplege og matematisk-naturvitskaplege fakulteta) ved dei fire universiteta. Dette er hovudpunktet i St. prp. nr. 67 (1995-96) om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1996-97, som passerte Statsråd fredag.

Allmennfakulteta vart opna i fjor, og Regjeringa gå no inn for at denne ordninga også skal gjelde for studieåret 1996/97. Ein føresetnad for at alle skal kunne få plass, er at dei søkjarane som ikkje får tilbod ved den førsteprioriterte lærestaden, skal få tilbod om plass på tilsvarande studium ved ein av dei andre lærestadene, enten universitet eller høgskole.


Kontakt:

Avd. dir. Hans Jørgen Gjertsen, tlf. a. 22 24 77 02, p 22 73 29 78


Lagt inn 10 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen