Historisk arkiv

Verneplan for våtmarker i Hordaland fylke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Miljøverndepartementet


PRESSEMELDING
Miljøverndepartementet


15. desember 1995

Verneplan for våtmarker i Hordaland fylke

Regjeringa har i statsråd i dag fatta vedtak om verneplanen for våtmarker i Hordaland. Verneplanen er eit ledd i det landsomfattande verneplanarbeidet og femner om i alt 20 naturreservat og eit landskapsvernområde med fuglelivsfredning. Verneplanen dekkjer eit areal på ca 13,1 km2 derav ca 11,4 km2 landareal. Dei høgtliggjande lokalitetane Bjoreidalen og Grånosmyrane utgjer ca 8 km2.

Av i alt 447 undersøkte lokalitetar har Fylkesmannen i Hordaland foreslått vern av 25 lokalitetar med verneverdi i internasjonal, nasjonal eller i regional samanheng. På grunn av lokale konfliktar er 4 av lokalitetane drege ut av verneplanen. Dei 21 lokalitetane som no er verna sikrar dei beste våtmarkslokalitetane i Hordaland med eit utval frå lågland til høgfjell, og frå saltvatn til ferskvatn. Dei verna områda har stor betydning for hekkande og trekkande fugleartar, som naturtypar gjev dei også eit representativt bilete av våtmarkstypane i fylket. Kulturhistoriske verdiar inngår i nokre av verneområda.

Gjennom fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning sine høyringar og tilrådingar har saka fått ei grundig handsaming. Det er på vesentlege punkt teke omsyn til andre interesser som landbruk, jakt, fiske og friluftsliv.

I grove trekk at vegetasjon og dyreliv er verna. I område der hjortejakt ikkje er i vesentleg strid med verneføremålet, er dette tillatt. Viltlova sine føresegner gjeld for jakt i verneområda.

Forvaltningsstyresmakta kan utarbeide forvaltningsplanar med nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltak i områdene.

Forvaltninga av verneområdene er lagt til Fylkesmannen i Hordaland.

Fylgjande område er verna etter naturvernlova:

  1. Fedjemyrane landskapsvernområde med fuglelivsfreding, Fedje kommune
  2. Tjeldstø naturreservat, Øygarden kommune
  3. Fossevatna naturreservat, Lindås kommune
  4. Nesvika naturreservat, Bergen kommune
  5. Kalandsvika naturreservat, Bergen kommune
  6. Vinnesleiro naturreservat, Fusa kommune
  7. Nesheimvatnet naturreservat, Vaksdal kommune
  8. Rekvesøyane naturreservat, Voss kommune
  9. Løneøyane naturreservat, Voss kommune
  10. Granvindeltaet naturreservat, Granvin kommune
  11. Ulvikpollen naturreservat, Ulvik kommune
  12. Vestbøstadtjern naturreservat, Fitjar kommune
  13. Rimbardeidtjørna naturreservat, Fitjar kommune
  14. Lokna naturreservat, Sveio kommune
  15. Færås naturreservat, Sveio kommune
  16. Skiftestad naturreservat, Sveio kommune
  17. Mannavatn naturreservat, Sveio kommune
  18. Bjellandsvatnet naturreservat, Sveio kommune
  19. Viksefjord naturreservat, Sveio kommune
  20. Bjoreidalen naturreservat, Eidfjord kommune
  21. Grånosmyrane naturreservat, Aurland (i Sogn og Fjordane) og Voss kommunar

Kontaktperson:

Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland kan gje nærare opplysningar på tlf 55 23 77 60


Lagt inn 15 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen