Historisk arkiv

Arbeidsgruppe tilrår konssjonsliknande ordning som løysing på villsvinproblematikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Miljøverndepartementet


PRESSEMELDING
Miljøverndepartementet


3. juli 1996

Arbeidsgruppe tilrår konsesjonsliknande ordning som løysing på villsvinproblematikk

Ei arbeidsgruppe mellom Miljøverndepartementet og Landbruksdepartemtentet, der og Direktoratet for naturforvaltning og Statens dyrehelsetilsyn har vore representerte, har sidan i vår arbeidd for å kome fram til ei løysing på problemkomplekset omkring hald og oppdrett av villsvin. Arbeidsgruppa, som no har lagt fram si tilråding, går inn for å innføre ei konsesjonsliknande ordning gjennom forskrift med heimel i viltlova.

Dei siste åra har det vore ei aukande interesse for hald og oppdrett av villsvin og villsvinhybrid i Noreg. Ei oversikt som Landbruksdepartementet la fram i 1995 viste at det på det tidspunktet var minst 136 besetningar her i landet, med eit samla individtal på minst 825. I dag er dette talet truleg endå høgare. Etter reglane i viltlova driv eigarane av desse dyra ulovleg, idet lova set forbod mot innførsel og utsetjing av arter og underarter som ikkje frå før finst i distriktet. «Utsetjing» omfattar i denne samanheng både hald og oppdrett.

Arbeidsgruppa har vurdert fleire alternative løysingar, mellom anna avvikling av eksisterande besetningar. Etter ei samla vurdering, der det og er teke omsyn til villsvinoppdrett som næring, finn likevel gruppa at ei konsesjonsliknande ordning vil vere den mest høvelege løysinga. Ei slik ordning vil mellom anna ha til følgje at dei som i dag har villsvin eller villsvinhybrid må søkje om løyve til å halde fram med dette. Arbeidsgruppa tilrår at det blir sett krav til hald og oppdrett av villsvin for å hindre rømming, idet gruppa presiserer at villsvin eller villsvinhybrid frittlevande i norsk natur er uønskt. Frittlevande bestandar vil kunne gjere skade både i høve til natur og landbruk.

Arbeidsgruppa går inn for at Direktoratet for naturforvaltning i samarbeid med Statens dyrehelsetilsyn får i oppgåve å utarbeide ei forskrift slik som tilrådd.

Miljøverndepartementet vil i samråd med Landbruksdepartementet ta stilling til den vidare oppfølginga av gruppas tilråding.

Kontaktpersoner: Kjersti Gram Andersen, tlf.: 22 24 58 80

Ove Bakken, tlf.: 22 24 58 81


Lagt inn 5 juli 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen