Historisk arkiv

Statens naturoppsyn blir oppretta med 26 nye stillingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997


4. oktober 1996

Statens naturoppsyn blir oppretta med 26 nye stillingar

Statens naturoppsyn blir oppretta i år. I Miljøverndepartementet sitt budsjett for neste år blir det gjort framlegg om å opprette 26 nye stillingar for å få nyordninga arbeidsdyktig. Stillingane vil bli brukt til å løyse dei tyngste oppsynsoppgåvene, som t. d. i dei største og mest nytta nasjonalparkane.

Stillingane skal knytast til Direktoratet for naturforvalting, men blir i stor grad plassert ute i distrikta. Dei skal også kunne nyttast til meir aksjonsprega oppsyn i nært samarbeid med politiet i problemområde. Ved tilsettingane blir det difor lagt stor vekt på kompetanse i m. a. miljø- og politifag, og det vil vere eit mål at personane som får stillingane, blir gitt avgrensa politimynde.

Statens naturoppsyn skal føre kontroll med at føresegner gitt i eller i medhald av naturvernlova, viltlova, lakse- og innlandsfiskelova, friluftslova, motorferdslelova og kulturminnelova blir overhaldne.

Oppsynet kan også føre kontroll med føresegnene i forurensingslova så langt departementet bestemmer. Hovudvekta av arbeidet vil bli lagt på informasjon og vegleiing for å førebygge miljøkriminalitet - eit arbeid som er høgt prioritert av regjeringa.

Parallelt med at oppsynet blir styrka ute vil det skje ei styrking av den delen av Direktoratet for naturforvalting som har ansvaret for nasjonal planlegging og koordinering av oppsynet. På denne måten vil Statens naturoppsyn få ei tydeleg og utoverretta leiing som vil lette samarbeidet med politiet, andre oppsynsordningar, styresmakter og brukarar. Det kan framleis bli behov for å kjøpe oppsynstenester der dette er føremålstenleg.

Statens naturoppsyn blir oppretta i månadskifte oktober/november ved kongeleg resolusjon.

Det blir halde eit arrangement for presse, aktuelle organisasjonar og etatar i samband med opprettinga.

Informasjonssentre ved nasjonalparkane

Informasjonssentra som er knytta til nasjonalparkane våre er prioriterte i budsjettframlegget for 1997 med eiga løyving på 3,9 millionar kroner. Første skal ein sikre drifta ved dei etablerte informasjonssentra, for så å starte opp eit meir systematisk arbeid for etablering av dei nye informasjonssentra som er planlagt i andre nasjonalparkar.



Lagt inn 4 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen