Historisk arkiv

Ekstra tiltak for å auke bruken av bilbelte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


27. mars 1995

EKSTRA TILTAK FOR Å AUKE BRUKEN AV BILBELTE

Bruk av bilbelte er eit av dei mest effektive tiltaka for å gjere vegtrafikken tryggare. Utrekningar som Transportøkonomisk institutt gjennomførte i 1990 viste at med 100 prosent bilbeltebruk, ville det årleg ha blitt 43 færre dødsfall og 520 færre personskadar blant bilførarar og bilpassasjerar. Det er derfor mykje å hente ved auka bruk av bilbelte, særleg blant ungdommar som er passasjerar i baksetet.

Dette sa samferdselsminister Kjell Opseth på ein pressekonferanse i Oslo i dag, i samband med at det i veka 27. mars - 2. april blir sett i verk ekstra tiltak for å auke bruken av bilbelte.

Samferdselsministeren opplyste at 25 prosent av bilførarane ikkje bruker belte ved køyring i tettstader. Ved køyring utanfor tettstader er det 15 prosent som "gløymer" å feste beltet. Desse tala har ikkje vist noko særleg endring i dei siste åra. Frå Transportøkonomisk institutt er det i dag lagt fram materiale frå to nye granskingar som, stort sett, stadfester at bruken av bilbelte framleis synest å liggje om lag på dette nivået. Ei av desse granskingane vart utført av Transportøkonomisk institutt i feburar i år, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Det ligg også føre materiale materiale om bruken av bilbelte blant passasjerar i baksetet. Materialet kan tyde på at at ein bør vere særleg merksam på bakesetepassasjerar i aldersgruppa 15 - 25 år. Dette er ei ulukkesutsett gruppe, som dessverre altfor ofte "gløymer" å bruke belte, særleg ved køyring i tettstader.

SAMARBEID OM FLEIRE TILTAK

Samferdselsdepartementet, Justisdepartementet, Statens vegvesen, politiet, Statens informasjonsteneste og Trygg Trafikk samarbeider om tiltaka, som femner over eit vidt felt: Det blir korte innslag med visning av to nylaga "bilbelte-videoar" i NRK-Fjernsynet og i kommersielle fjernsynskanalar. Eit "bilbelteinnslag" kjem også inn i reklamevisningane på kinoar over heile landet. Det blir også innslag i radio. Dessutan vil politi og biltilsyn rette si verksemd inn mot bruk av bilbelte. Ellers blir det utdeling av informasjonsmateriell og lokale møte og arrangement.

Dei tiltaka som blir gjennomførte i veka 27. mars - 2. april vil bli følgd opp seinare utover i 1995. Det er også meininga å gjennomføre fleire målingar i løpet av dette året - for å få fram ajourførte opplysningar om bruken av bilbelte. På grunnlag av slike målingar og ei vurdering av tiltaka som blir sette i verk i år, vil ein deretter ta stilling til om det i 1996 eller 1997 skal gjennomførast meir omfattande tiltak og kampanjar.

Tiltaka som blir gjennomført i tida 27. mars - 2. april inngår som ein del av den norske deltakinga i ei "internasjonal veke for tryggare trafikk", som samtidig blir gjennomført i regi av FN sin økonomiske kommisjon for Europa.

REDUSERT RISIKO, MEN FRAMLEIS NØDVENDIG MED STERK INNSATS

- Vi har i dei siste åra hatt ei positiv utvikling når det gjeld ulukker på vegane. Både skaderisiko og dødsrisiko er sterkt redusert. Talet på drepne i trafikken ligg no på det samme nivået som i slutten av 1950-åra, til trass for at trafikken i denne tida er blitt nær ti-dobla. Ser ein på tala for drepne og skadde i høve til folketalet og talet på køyretøy, er Noreg er blant dei mest trafikktrygge landa i verda, sa samferdselsministeren.

- Men til trass for at vi i Noreg er på verdstoppen i trafikktryggleik, må vi framleis ha stor innsats på dette feltet. Med 285 drepne, omkring 11 300 skadde i dei politiregistrerte ulukkene og nær 50 000 skadde dersom ein også reknar med skadde som ikkje kjem inn i politiet sitt register, er trafikkulukker framleis eit stort problem for folkehelsa. Dette blir enda klarare når vi ser nærmare på nokre andre tal om omfanget av trafikkulukkene. Tala er frå 1990, men gir likevel eit dekkjande bilete av sitasjonen i dag. Av i alt 30 000 skadde personar som blei innlagde på sjukehus i 1990, var 5300 eller 18 prosent skadde i trafikkulukker. Vi veit ellers at 40 000 personar har vanskar og plager etter trafikkulukker som er skjedd i løpet av dei ti siste åra.

Målretta og effektive tiltak for å gjere trafikken tryggare kan vere med på redde liv og betre helsetilstanden. Dette har også ei økonomisk side: Dei samla kostnadene ved trafikkulukker utgjorde i 1993 23,4 milliardar kroner, ifølgje utrekningar frå Transportøkonomisk institutt. Dette er kostnader som blir påført mellom anna helse- og trygdevesen, politiet og rettsapparatet. Beløpet omfattar også velferdstap knytta til nedsett helse og livskvalitet både hos dei som kjem ut for ulukker og hos dei som er pårørande, sa samferdselsministeren.


Lagt inn 19 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen