Historisk arkiv

Ny produktivitetsavtale for flygeleiarane sikrar stabile forhold i luftfarten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


21. desember 1995

Statssekretær Torstein Rudihagen:

NY PRODUKTIVITETSAVTALE FOR FLYGELEIARANE SIKRAR STABILE FORHOLD I LUFTFARTEN

- Det er positivt at Luftfartsverket og organisasjonane til flygeleiarane er komne fram til ein produktivitetsavtale som sikrar stabile forhold i lufttrafikken. Innanfor rammene av Hovudtariffavtalen i staten har ein fått ein fem-årig produktivitetsavtale som legg til rette for større effektivitet i flygeleiartenesta. Avtalen fører mellom anna til ei auka arbeidstid på 200 timer årleg for kvar flygeleiar. Avtalen gir ein effektivitetsgevinst på om lag 60 årsverk. Denne gevinsten gjer det mogleg å dekkje inn den underbemanninga ein har i dag. I tillegg gjer avtalen det mogleg å gjennomføre nødvendig nyutdanning og etterutdanning. Avtalen fører også til redusert bruk av overtid. Produktivitetsavtalen fører ikkje til auka lønskostnader for flygeleiartenesta, seier statssekretær Torstein Rudihagen i Samferdselsdepartementet i ein kommentar til den nye avtalen.


Kontaktperson:
Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42)


Lagt inn 2 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen