Historisk arkiv

Oppdrag i Gardermo-utbygginga: Krav om attest for betalte skattar og avgifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


2. februar 1995

Oppdrag i Gardermo-utbygginga:
KRAV OM ATTEST FOR BETALTE SKATTAR OG AVGIFTER

- Dei som får oppdrag i samband med Gardermo-utbygginga skal leggje fram attestar som viser at dei har betalt forfalne skattar og avgifter. Dette gjeld for alle som utfører byggjeoppdrag eller prosjekteringsoppdrag, det vil seie entreprenørar, arkitektar og rådgivande ingeniørar. Attestar frå skattefogd og kemnar eller kommunekasserar må ikkje vere eldre enn seks månader, opplyser samferdselsminister Kjell Opseth.

Samferdselsministeren viser til at det i grunnlagdokument for anbod og tilbod og i kontraktar skal innarbeidast klausular som sikrar at dei som utfører oppdraga har eit ordna forhold til styresmakter som har å gjere med betaling av skattar og avgifter. Dersom skatteattest manglar, vil eit firma ikkje få vere med i konkurransen om oppdrag. - Byggherren kan setje som vilkår at skatteattest må leggjast fram før til dømes ein entreprenør kan få utlevert dei dokumenta som gjer det mogeleg å delta i konkurransen. Som eit alternativ kan byggherren krevje at skatteattest blir lagt fram seinast ved utløpet av fristen for innlevering til konkurransen, går det fram av retningsliner som er fastsette av Samferdselsdepartementet og sendt til Oslo Hovedflyplass AS, NSB Gardermobanen AS og Statens vegvesen Akershus.

I retningslinene frå Samferdselsdepartementet blir det også gjort klart at alle med byggje- eller prosjekteringsoppdrag i heile "kontraktspyramiden" berre kan gi oppdrag til underentreprenørar eller underkonsulentar som har lagt fram skatteattest. Dersom det blir påvist at til dømes ein underentreprenør ikkje har oppfylt dette kravet, har byggherren rett til å krevje at entreprenøren erstattar vedkommande firma med ein underentreprenør som kan leggje fram skatteattest. Konsekvensane av ei slik utskifting av ein underentreprenør kan ikkje førast over til byggherren. Dessutan blir det gjort klart at byggherren har rett til å godkjenne eller forkaste den nye underentreprenøren, eventuelt underkonsulenten.

Firma med forretningsadresse utanfor Noreg skal leggje fram attestar, frå rette styresmakt, som stadfester at dei i heimlandet har eit ordna forhold når det gjeld skattar og avgifter.


Lagt inn 19 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen