Historisk arkiv

Større vekt på omsynet til biologisk mangfald - ved planlegging, utbygging og drift av transportanlegg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


5. desember 1995

Samferdselsminister Kjell Opseth:

Større vekt på omsynet til biologisk mangfald - ved planlegging, utbygging og drift av transportanlegg

Omsynet til biologisk mangfald bør i større grad innarbeidast ved planlegging, utbygging og drift av transportanlegg. Det er særleg viktig å leggje stor vekt på korleis slike omsyn bør handsamast i planfasen. Val av trase og utforming av sjølve anlegget er kanskje det mest avgjerande for dei skadeverknadene eit prosjekt har når det gjeld omkringliggjande natur- og kulturmiljø.

Dette sa samferdselsminister Kjell Opseth i dag, i eit opningsforedrag ved konferansen "Transport og biologisk mangfald". Konferansen blir arrangert av Samferdselsdepartementet, i samarbeid med Miljøverndepartementet, Direktoratet for naturforvaltning, Vegdirektoratet, Luftfartsverket og NSB. Formålet med konferansen er å få fram den innverknaden transportsektoren har på naturmiljøet. På konferansen vil ein også ta for seg dei utfordringane ein står overfor når det gjeld å minske naturinngrep og forureining som skuldast transport.

Opseth viste til at Samferdselsdepartementet har utarbeidd ein eigen plan om transport og biologisk mangfald, som del av Regjeringa sitt arbeid med ein handlingsplan om biologisk mangfald. Han sa også at omsynet til biologisk mangfald må avvegast mot andre viktige mål i miljø- og transportpolitikken. - Ein føresetnad for prioritering av ulike mål er at dei som fattar vedtaka har tilstrekkeleg kunnskap om viktige konsekvensar av ulike verkemiddel og tiltak, til dømes konsekvensar av planlagde transportanlegg. Når det gjeld omsynet til biologisk mangfald, treng vi betre data om tilstanden i ulike naturtypar, betre metodar for konsekvensutgreiing og auka kunnskap om korleis naturinngrep og forureining påverkar mangfaldet. Samferdselsdepartementet og samferdselsetatane er budde på å møte desse utfordringane i tett samarbeid med miljøstyresmaktene, sa Opseth.


Kontaktperson:
Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42)


Lagt inn 11 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen