Historisk arkiv

Styremøte i NSB 22. mai: Kommentar frå samferdselsminister Kjell Opseth

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


22. mai 1995

Styremøte i NSB 22. mai:
KOMMENTAR FRÅ SAMFERDSELSMINISTER KJELL OPSETH

- Eg tar til etterretning at administrerande direktør Kristian Rambjør har gitt melding til NSB-styret om at han ønskjer å fråtre stillinga si.

- I samband med eit forslag om å gjere Televerket om til eit statleg aksjeselskap uttalte Regjeringa at NSB framleis bør vere ei statleg forvaltningsbedrift. Eg har merka meg at NSB-styret i dag har bede om ei vurdering av mogeleg overgang til statsaksjeselskap som selskapsform. Det vil derfor vere naturleg for Samferdselsdepartementet å sjå nærmare på styret sine synspunkt og grunngjevingar. Dette seier samferdselsminister Kjell Opseth i ein kommentar til at styret i NSB i dag, i samband med endringar i den øvste leiinga, også har drøfta spørsmål som gjeld framtidig organisasjonsform for NSB.


Lagt inn 19 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen