Historisk arkiv

Vegprosjektet "Lofast": Tilleggsutgreiing skal vurdere kryssing av Hadselfjorden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


20. april 1995

Vegprosjektet "Lofast":
TILLEGGSUTGREIING SKAL VURDERE KRYSSING AV HADSELFJORDEN

- Samferdselsdepartementet går inn for at tidlegare konsekvensutgreiingar om vegprosjektet Lofast skal få eit tillegg som vurderer kryssing av Hadselfjorden. Ei slik tilleggsutgreiing har samanheng med at Statens vegvesen i si tilråding om val av trase for Lofast har lagt til grunn at det seinare skal byggjast tunnel under Hadselfjorden. På bakgrunn av dette og dei mange fråsegnene som er komne i saka, finn Samferdselsdepartementet at det er nødvendig å gjennomføre ei konsekvensutgreiing av Hadselfjord-alternativet. Departementet legg til grunn at utgreiinga om kryssing av Hadselfjorden ikkje skal føre til Lofast-prosjektet blir ferdig seinare enn det ein tidlegare har rekna med, opplyser samferdselsminister Kjell Opseth.
Lagt inn 19 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen