Historisk arkiv

Vigra lufthamn: Framskunding av arbeidet med å forlengje rullebanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


10. mai 1995

Vigra lufthamn:
FRAMSKUNDING AV ARBEIDET MED Å FORLENGJE RULLEBANEN

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om at det over statsbudsjettet for 1995 skal løyvast 21,5 millionar kroner for å framskunde arbeidet med å forlengje rullebanen på Vigra. Dette beløpet kjem i tillegg til 6,5 millionar kroner som tidlegare er avsett på 95-budsjettet, for å forlengje rullebanen. Framskundinga fører til at arbeidet vil vere ferdig hausten 1995, medan det tidlegare ble rekna med fullføring sommaren 1996. Til arbeid med masseuttak og flytting av masse nytta større anleggsmaskiner enn det som tidlegare var planen. Dette gjer det mogleg å fullføre arbeida med berelag, asfaltering og lysanlegg alt i haust. Dei samla kostnadene blir ikkje endra og kjem på i alt 54 millionar kroner for heile prosjektet, som fekk den første løyvinga i 1993.
Lagt inn 19 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen