Historisk arkiv

"Den norsk IT-veien - bit for bit" i nytt opplag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


16. februar 1996

Rapport frå statssekretærutval:

"DEN NORSKE IT-VEIEN - BIT FOR BIT" I NYTT OPPLAG

- Det har vore stor pågang for å få tak i rapporten linkdoc028005-990193#doc"Den norske IT-veien. Bit for bit". Sidan rapporten blei lagt fram i slutten av januar er nær 7000 eksemplar sende til interesserte over heile landet.

Dette opplyser statssekretær Torstein Rudihagen i Samferdselsdepartementet. Rudihagen er leiar for statssekretærutvalet som utarbeidd rapporten. Statssekretærar frå sju departement og Statsministerens kontor er med i utvalet, som no ber alle interesserte om å seie si meining om rapporten. - Dei synspunkta som vi mottar vil, saman med sjølve rapporten, inngå i arbeidet med å få til ein samordna og offensiv norsk IT-politikk og vil vere eit viktig grunnlag for Regjeringa si vidare oppfølging, seier Rudihagen.

Rapporten er no sendt til kommunar, fylkeskommunar, statlege styresmakter, organisasjonar, utdannings- og forskingsinstitusjonar og ei rekkje andre interesserte.

Statssekretærutvalet ber om at synspunkt på rapporten blir sendt til utvalet innan 1. mai i år.

Adresse: Statssekretærutvalet for IT, Samferdselsdepartementet, Postboks 8010 Dep., 0030 Oslo, telefaks 22 24 56 09.
Elektronisk post: X.400: S=it; P=dep; A=telemax; C=no;
eller Internett: it@dep.telemax.no


Kontaktperson:
Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42)


Lagt inn 16 februar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen