Historisk arkiv

Eigarane skal sjølv fastsetje avgifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


28. juni 1996

Bruk av statlege flyplassar:

Eigarane skal sjølv fastsetje avgifter

Regjeringa har i statsråd i dag fastsett endringar i konsesjonsvilkåra for seks ikkje-statlege flyplassar som er opne til allmenn bruk. Endringane fører mellom anna til at den som er eigar og har konsesjon for drift av flyplassen heretter sjølv skal fastsetje avgifter for bruk av plassen. Etter den ordninga som gjeld i dag er det Samferdselsdepartementet som fastset avgifta for slike ikkje-statlege flyplassar, på grunnlag av søknad frå den som har konsesjon.

Endringa av konsesjonsvilkåra gjeld for flyplassane Frøya, Dagali, Notodden, Hamar, Skien og Stord. Det er samtidig vedtatt at konsesjonane for desse seks flyplassane skal forlengjast fram til 1. juli 2001.

- Samferdselsdepartementet legg vekt på at konsesjonshavarane, gjennom kjennskap til lokalt trafikkgrunnlag, har dei beste føresetnadene for å fastsetje avgifter som aukar inntektsgrunnlaget med minst mogleg skadeverknader for trafikantar og flyselskap som trafikkerer flyplassane, går det fram av grunngjevinga for vedtaket.

Det blir vist til at Samferdselsdepartementet - i tråd med tidlegare handsaming i Stortinget - no er i gang med forhandlingar med sikte på at staten skal overta 26 andre regionale flyplasser.

I grunngjevinga for vedtaket peikar Samferdselsdepartementet også på at endringane i konsesjonsvilkåra for dei seks flyplassane vil føre til ei klarare avgrensing for det som i framtida skal vere eit statleg ansvar i den regionale luftfarten.


Lagt inn 28 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen