Historisk arkiv

Meir effektivitet og betre telenett fører til billegare Internett-tenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


6. mars 1996

Statssekretær Torstein Rudihagen:

MEIR EFFEKTIVT OG BETRE TELENETT FØRER TIL BILLEGARE INTERNETT-TENESTER

- Truleg får vi her i Noreg også ei deregulering av telesektoren slik det er lagt opp til i land vi har eit nært samarbeid med. Dette vil i så fall føre til at Telenor sin einerett til å drive telefonnett blir oppheva. Dermed vil dei alternative netta, til dømes slike som elektrisitetsverka sine forsyningsnett og interne overvakingsnett, NSB sitt telenett og kommunale sambandsnett, bli tekne i bruk. Dette vil gi større kapasitet, auka konkurranse og lågare prisar på teletenestene, og gjer at Internett kan bli enda betre og rimelegare i bruk, sa statssekretær Torstein Rudihagen i Samferdselsdepartementet ved opninga av konferansen "Internett -96" i Oslo i dag.

Rudihagen, som er leiar av Statssekretærutvalet for informasjonsteknologi, viste til at Samferdselsdepartementet no arbeider med eit framlegg for Stortinget der ein tar opp dei utfordringane ein står overfor når det blir opna for enda meir konkurranse på telemarknaden. - Vi vil mellom anna komme med forslag til verkemiddel som sikrar våre telepolitiske målsetjingar i ein situasjon med generell konkurranse. Vi vil også vidareføre den politiske lina som har gitt oss ein teleinfrastruktur som få andre land har, med teleprisar som ligg godt under prisane i andre land og med ein profil og eit tenestetilbod som også er gagnleg for distrikta, sa statssekretær Rudihagen.


Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42)


Lagt inn 6 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen