Historisk arkiv

Omdisponering av riksvegferjer for å sikre forsvarleg trafikkavvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


26. april 1996

Lovforslag:

Omdisponering av riksvegferjer for å sikre forsvarleg trafikkavvikling

For å sikre ei forsvarleg avvikling av trafikken med riksvegferjene vil staten skaffe seg lovheimel til å kunne omdisponere ferjeflåten. Heimelen kan nyttast når det er vanskeleg å avvikle trafikken på grunn av særleg stor trafikkauke, havari eller brot på vegsambandet, til dømes som følgje av ras. For å ta i bruk heimelen er det dessutan eit vilkår at ein ikkje har lukkast å komme fram til friviljuge avtalar med ferjereiarlaga om mellombels utleige av materiell.

Dette går fram av eit forslag til endring i samferdselsloven. I forslaget, som blei lagt fram i statsråd i dag, blir det mellom anna vist til at staten gir tilskot til drifta av ferjene og at staten dessutan gir garantiar ved ny- kontrahering av ferjemateriell. - Ferjene blir rekna som ein del av veg- nettet. Det er likevel slik at ferjedrifta i hovudsak er basert på private reiarlag eller andre reiarlag utan direkte offentlege styring. Fordi det er knapt med materiell i ferjeflåten, kan dette i særlege situasjonar gi reiarlaga ein sterk posisjon i tingingar om utleige, dersom ein berre skulle basere seg på avtaleløysingar, går det fram av grunngjevinga for forslaget.

Dersom omsynet til trafikkavviklinga tilseier det kan Samferdselsdeparte- mentet, etter lovforslaget, gi ferjereiarlag med ruteløyve i riksvegsamband pålegg om utleige av ferje til bruk i anna riksvegsamband i inntil seks månader. Denne perioden kan i særlege tilfelle forlengjast i inntil seks månader. I dei tilfella der det blir aktuelt å nytte lovheimelen kan kvar av partane krevje at vederlaget for tvungen avståing av materiell skal fast- setjast i samsvar med lov om skjønns- og ekspropriasjonssaker. Ifølgje forslaget kan det i særlege akutte tilfelle setjast i verk vedtak om omdisponering av ferjer straks - og før det er halde skjønn for fastsetjing av vederlag for utleige.


Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42)


Lagt inn 26 april 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen