Historisk arkiv

"Den norske IT-veien" - verdiskapning og vekst IT-næringens årskonferanse, 27. mars 1996

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


Statssekretær Torstein Rudihagen

Samferdselsdepartementet

"Den norske IT-veien" - verdiskapning og vekst

IT-næringens årskonferanse, 27. mars 1996

Statssekretærutvalets forslag til tiltak og strategi

Eg vil starte med eit sitat frå ein visjonær svensk politikar. Ikkje ein konservativ IT-politikar, men ein stor sosialdemokrat - som vi minnast i år fordi han for 10 år sidan brått blei reven bort. Olof Palme har sagt at:

- Tålmod er det viktigaste og finaste verkty for den som vil forandre samfunnet. Den konservative treng ikkje tålmod for dei vil jo ikkje endre på noko, og dei revolusjonære trur ikkje at dei har tid til å bruke tålmod.

Eg trur internasjonalisten Olof Palme, dersom han hadde fått leve, ville vore levande oppteken av den digitale revolusjonen med dei mogelegheiter den kan gi einskildmenneske i alle land. Han ville sett mogelegheitene for ei styrka demokratiutvikling, og vore på vakt mot dei nye ulikskapane som kan oppstå hvis det ikkje blir ført ein aktiv politikk. Dette er spørsmål som vi meiner er svært viktige og sentrale også i vår norske IT-debatt, og som vi må ta oss tid til å drøfte gjennom.

Vi veit at informasjonsteknologien kjem til å påverke alle sektorar i samfunnet, enten vi vil eller ikkje. Og alle blir berørt: forbrukarar, tilsette, næringslivsleiarar og politikar. Utviklinga går fort, den er verdsomspennande og det er sider ved utviklinga som utfordrar verdiar vi set høgt: likeverd og like mogelegheiter, forbrukaromsyn og personvern, informasjonssikkerheit og opphavsrett, språk og kultur. Det er ikkje teknologien i seg sjølv som driv utviklinga framover, men dei nye mogelegheitene som verksemder, einskildmenneske, nasjonar og regionar ser for vekst og verdiskapning, mogelegheiter som på grunn av digitaliseringa dukkar opp på stadig nye områder.

Statssekretærutvalets forslag til "Den norske IT-veien" og korleis den kan byggjast "Bit for bit", meiner vi skal gi minst like gode rammevilkår i Noreg som i andre land - samstundes som vi byggjer på dei verdiar og mål Regjeringa har for samfunnsutviklinga. Dei landa som evner å ta IT i bruk på ein offensiv og positiv måte, vil kunne få eit forsprang. Dette er utgangspunktet for vår politikk. Den internasjonale konkurransen krev at norsk næringsliv skaffar seg føremonar ved å bruke informasjonsteknologi på ein aktiv måte. Konsekvensane for sysselsetjinga blir negative dersom norske verksemder ikkje kontinuerleg sørgjer for å ta i bruk ny teknologi. Resultatet kan bli tap av svært mange arbeidsplassar i næringar som er utsette for konkurranse. Og det er vel snart alle næringar.

Denne omlegginga som no skjer i alle land skapar store oppgåver for IT-næringa.

Digitalisering og nye rutiner i produksjon og administrasjon reduserer behovet for arbeidskraft. Til dømes er teleoperatørane sitt behov for personale til å produsere grunnleggjande teletenester redusert. Samtidig aukar kvaliteten på tenestene, tilbodet aukar og prisane fell. Med den digitaliseringsgraden vi har er det vel ikkje lenge før vi ser dobla kapasitet og halvering av prisane kvar attande månad også i telesektoren?

Telenor har i dag like mange mange tilsette som i 1992. Den reduksjonen vi har hatt i basisverksemda er kompensert gjennom ekspansjon på andre område.

Alt dette kan vi seie er resultat av den stille revolusjonen som har forandra tradisjonelle bransjar og næringar. Ein revolusjon som byggjer på nye produkt og tenester skapt i og av IT- og telebransjen, ein bransje som er i vekst.

Sammensmeltinga mellom informasjonsteknologi, tele og kringkasting gir oss det vi kan kalle den utvida eller skal vi heller seie breie IT-bransjen, som vi kan forkorte til BIT-bransjen (Parrs figur). I bit-bransjen endar alle produkt og all verdiskaping opp i ei form der den minste eininga er bit, som kan distribuerast fysisk på diskettar og CD-plater eller elektronisk gjennom nett og eteren. Nye teletenester, nye programvareprodukt, nye digitale multimedieprodukt og reine informasjonsprodukt som gjev innhald til dei nye media, ventar vi vil skape mange nye arbeidsplassar. Vi må være budde på store strukturendringar i desse næringane, med både vekst og mannefall, suksessar og katastrofar og overraskande alliansar - truleg i eit endå større tempo enn hittil.

Stadig fleire vil vere sysselsett med handsaming av informasjon i ei eller anna form. I bank, forsikring og finans, i offentleg forvaltning og undervisning, i underhaldning og kultur er handsaming og utveksling av informasjon kjerneverksemda. Mange tilbyr dei same tenestene som før, men kvalitativt betre. Både bank og forsikring er på veg inn i nye marknader, og må take i bruk ny teknologi for å effektivisere verksemda. I tenesteytande næringar som sjøfart, reiseliv, handel og helsevesenet er innslaget av informasjonshandsaming og kommunikasjon stort og aukande.

Det er ei særskilt utfordring å sikre at små og mellomstore bedrifter får kompetanse i å utnytte informasjonsteknologien. Verksemda Prinfo AS som er eit IT-nettverk mellom 30 små verksemder i grafisk bransje, er eit godt døme på kva ein kan få til. Mange har sett den digitale revolusjonen som ein trussel mot det trykte mediet. Prinfo har brukt teknologien til å skape ny vekst og lønsemd i ein konkurranseutsett bransje. Gjennom å knytte seg saman i ISDN-nettet og med samarbeidsselskapet Prinfo AS, har desse 30 verksemdene klart å skape stordriftsfordelar. Felles innkjøpsavtalar, fleksibel produksjon, felles marknadsføring og ikkje minst utveksling av kompetanse har gjort Prinfo til ei slagkraftig eining. Gjennom høghastigheits ISDN-liner fordeler Prinfo-kjeden oppdrag slik at kapasitet, ressursar og kompetanse vert utnytta optimalt. Med samarbeid om teknologi, produksjonskapasitet og kompetanse har desse småbedriftene dei ressursane som trengs for å møte kundar dei elles ikkje ville klart å tene.

Eg går ut frå at de har opplevd at tidsfaktoren bli stadig viktigere i konkurransen. Det å kunne levere utan bestillingstid og å ha kort tid frå idé til produkt har stor betydning. Og mange av dei som ikkje lever av "bits", men fysiske produkt (der den minste eininga er "atom"), har som mål at ein størst mogeleg andel av lageret skal være "på hjul" på veg til kunden. 20 verksemder i møbelbransjen har saman fått fram felles edb-baserte styringsverkty for økonomi, ordre og produksjon. Systema er i bruk i både ordre- og serieproduserande, i små og mellomstore verksemder og i konsern. Med dette kan møbelprodusentane møte krava om fleire variantar, rask og nøyaktig levering samstundes som lageret er minimalt. Verksemdene meinar dei no har årlege innsparinger på 30-50 mill. kroner, og har samstundes gjort det internasjonale salsapparatet meir effektivt.

I høve til mange land ligg vi godt an, på mange område. Vi har låge teleprisar og god infrastruktur. Vi har stor utbreiing av informasjonsteknologi i arbeidsliv og heime hos folk. Internasjonalt er Noreg i tetgruppa saman med våre skandinaviske naboland og USA når det gjeld IT- og teleinvesteringar pr. innbyggjar og IT-arbeidsplassar. Over halvparten av alle sysselsette i Noreg brukar PC i arbeidet. Vi har over 3 millionar telefonabonnement og ein tredjedel av desse er mobile. Og tel vi opp alle nettilknytningspunkt i kabelfjernsyns- og telenettet og legg satelittmottakarane på toppen, kjem vi til over 3,5 millionar faste tilknytningspunkt. Sjølv om alle ikkje er tovegs (enno) er dei alle påverka av den teknologiske utviklinga som gjer at ulike nett og tenester vert digitale og nærmar seg kvarandre og kan brukast til "alt". Dette gjev interessante perspektiv på mogelegheitene i tida framover.

Samarbeidshøva mellom offentleg og privat sektor er velutvikla, og dette må vi utnytte. Statssekretærutvalet meiner at hovedstrategien for den norske vegen må være at det offentlege og det private går i tospann for framtida. Med ei klar rolle og ansvarsdeling og ei klar forståing av kvarandre sine hovudutfordringar og hovudoppgåver. I dette biletet høyrer sjølvsagt arbeidstakarsida også heime.

I mange land har styresmaktene valt å invitere næringslivet til å investere i den IT-baserte infrastrukturutviklinga, framfor å nytte fellesskapet sine midlar. Ein nyttar marknaden og konkurranse til å avgjere kva det er behov for og i kva takt. Norske styresmakter ser at næringslivet er villig til å satse og har store forventningar til dei moglegheitene som vert skapt.

Det er difor statssekretærutvalet seier at næringslivet inklusive dei statleg eigde verksemdene vil måtte ta ansvaret for infrastrukturutbygging, sjå dette i høve til eigen produkt- og forretningsutvikling og byggje opp nødvendig kunnskap i eiga verksemd. De må sjølve ta ansvar for å ta i bruk, følgje med på utviklinga, sjå mogelegheitene og utnytte det potensialet som teknologien gjev.

Vi meiner at rolla til styresmaktene primært bør vere å lage spelereglar som gir framsynte rammevilkår, og som samstundes gir oss mogelegheiter for politisk styring.

Gjennom lovverk og reguleringar vil vi take vare på samfunnsomsyn: som tilgang til teletenester for alle på rimelege vilkår og med kvalitet på høgde med det beste i verda. Personvern, opphavsrett, datasikkerheit er nokre av dei omsyn som må takast vare på. Rammevilkåra skal vere med og fremja reell konkurranse.

Samanliknar vi Den norske IT-vegen med tilsvarande satsingar i andre land, kjem det klårt fram at vi ser for oss at offentleg sektor skal spele ei aktiv rolle. Fleire av dei satsingane som vi trekkjer fram er knytte til viktige offentlege fellesoppgåver innan miljø- og samferdslesektoren, i helse- og utdanningssektoren. Vi trur at desse satsingane i seg sjølve vil skape positive ringverknader for både BIT-næringa og for samfunnet som heile. Også den offensive satsinga på å fornye offentleg sektor vil gje utfordringar til IT-næringa.

Vi ser og behov for jenvbyrdig samarbeide mellom myndigheiter og næringsliv på områder der vi har felles interesser. Vi har store forventingar til elektronisk kommunikasjon og nettinfrastrukturen, og meiner elektroniske informasjonsnettverk kan effektivisere forretningsdrift og gi oss ei betre offentleg forvalting. Men dersom tryggleiken i netta ikkje er god nok, vil brukarane vere tilbakehaldne med å bruke elektronisk kommunikasjon.

Difor må vi arbeide aktivt med løysingar som vil skape tillit hos brukarane, til at informasjonen er rett, sikre at sensitiv informasjon berre er tilgjengeleg for autoriserte brukarar, og at uautoriserte ikkje kan få tilgang til, endre eller øydelegge informasjon. Her ser vi for oss eit samarbeid mellom styresmaktene og privat sektor.

Og fordi desse utfordringane er internasjonale bør arbeidet samordnast med tilsvarande initiativ internasjonalt. Dette er føresetnader for elektronisk handel, elektroniske marknader og åpne elektroniske betalingstenester. Vi treng løysingar for å sikre mellom anna personvernet og økonomiske interesser.

På tele-, medie-, opphavsretts- og personvernområdet har vi i dag ei regulering som utvalet meiner vi må sjå nærare på. Difor er spelet om spelereglane allereie i gang. For tida arbeider vi med eit Stortingsframlegg, der vi tek opp dei utfordringane vi står overfor ved ei omregulering av telemarknaden. Ei utfordring i dette framlegget er å finne verkemiddel som sikrar våre telepolitiske målsetjingar i ein situasjon med generell konkurranse. Vi vil vidareføre den politiske lina som har gitt oss ein teleinfrastruktur som få andre land har, og teleprisar som ligg godt under andre land - med ein profil som også er gagnleg for distrikta.

Dette arbeidet vil og røre ved medieområdet, fordi det skal bli mogeleg å formidle både kringkasting og teletenester over alle typar infrastruktur - frå topars koparledning til kabel-fjernsyns-nett til eteren. Vi snakker med andre ord om å opne opp nye strekningar på den norske IT-veien med påkøyringsmogelegheiter frå alle typar nett. Desse nye rammevilkåra vil vidareføre dei politiske måla om teletenester på høgde med dei beste i verda til lågast mogeleg pris for alle. Gjennom regulert konkurranse vil vi få eit fortsatt prisfall på alle typer tenester.

Utvalet meiner at både tele- og medielovgivinga bør vere mest mogeleg teknologiuavhengig og ikkje binde det enkelte medium til bestemte infrastrukturar. Multimediatenester bør kunne leverast på alle typar nett uavhengig av den tradisjonelle inndelinga. Utvalet mener det bør leggast til rette for programsendingar over telenettet i tillegg til kringkasting i eteren og over eigne kabelnett. Dette skaper grunnlag for nye tenester som til dømes video på bestilling.

Som nemnd tidlegare er det eit stort næringspotensiale i bit-bransjen når netta skal fyllast av tilbod. Tilboda bør vera noko meir enn reklame. Dette føreset at dei som lever av åndsverk får godtgjersle for bruk av desse også når dei er i digital form. Løysinga på desse utfordringane er internasjonal, og Noreg må vere aktivt med i å få gode og rettvise ordningar på plass som kan balansere dei hensyn som trengs for at det skal bli fart i "bit-industrien".

Eit regjeringsoppnemnd utval som skal sjå på personvernlovgjevinga er allereie i gang. Målet er å få ei lovgjeving som tek vare på personvernet, ja kanskje til og med styrkar personvernet, samstundes som mogelegheitene til effektiv bruk og utveksling av informasjon vert betre. Dette utvalet skal gje si innstilling i mars 1997.

Til slutt vil eg nemne standardisering, som har ei sentral rolle i den tekniske reguleringa og samordninga over landegrensene for å sikre samtrafikk og grunnlag for nye tenester. Statssekretærutvalet har vore opptekne av at vi som ein liten nasjon må take del i dette arbeidet på ein måte som gjer at vi og vår industri sine interesser vert tekne vare på, men utan at vi brukar altfor store ressursar. Utvalet peikar difor på at vi må sjå forsking, utvikling og nasjonale satsingar i samanheng med standardiseringsarbeid. Det at Noreg leiar det internasjonale standardiseringsarbeidet innan geografisk informasjonsteknologi oppfattar eg som ei solid anerkjenning til det fagmiljøet vi har på området. Etter det eg har forstått samarbeider ekspertane i stor grad over Internettet og kan på den måten drive arbeidet fram både fort og effektivt.

Både den Internasjonale teleunionen og ISO/IEC sin felleskomite for IT-standardisering saman med dei regionale organa i Europa, USA og Asia arbeider med spørsmål knytta til saumlaus integrasjon av nettverk og applikasjonar i dei globale informasjonsinfrastrukturane. Både EU og G7-landa har utfordra standardiseringsorganisasjonane, og i OECD arbeider dei med spørsmål knytta til politikkutforminga rundt det globale informasjonssamfunnet. Med den globaliseringa vi ser og som digitaliseringa forsterkar, meiner eg det er viktig at vi tek del i dette arbeidet og er med på å legge premissar.

Eg vil avrunde med at vi har eit godt utgangspunkt, vi er på veg, men mange bitar skal på plass. De, som utgjer ein stor del av den nye "BIT"-bransjen, har vi store forventningar til, både som leverandørar, samarbeids- og diskusjonspartnarar no som det norske informasjonssamfunnet veks fram og tar form.

Eg vonar på eit godt og konstruktivt samspel basert på ei god forståing av våre utfyllande roller, slik at vi kan leggje eit nytt fundament for vekst og utvikling.


Lagt inn 10 april 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen