Historisk arkiv

Internett ´96

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


Statssekretær Torstein Rudihagen

Samferdselsdepartementet

Opning av konferansen Internett ´96

06.03.96

Eg vil først få takke for invitasjonen ...

Heile verda for våre fingrar

Det er utviklinga innan datateknologien som legg ein stor del av grunnlaget for den informasjons- og kommunikasjonsrevolusjonen vi no er vitne til. Informasjon i alle former - lyd, tekst, data og bilete - kan omformast til digital form. Inntil nyleg var det klare skiljer mellom telefon/telekommunikasjon og kringkasting, tenestene var kanalisert gjennom seperate nett og tenestene vart tilbudt av separate selskap. I den digitale verda er det ingen skilnad på formidling av telefonsamtalar, data eller fjernsyn. Kringkasting kan verte overført i telenett, på same måte som telefon og data kan overførast i kringkastingsnett. Overføringa kan skje både i kabelnett og trådlaust. Slik blir PCen ein inngang til eit verdsomspennande nettverk, eit adgangskort til informasjon, kunnskap, underhaldning og samarbeid med andre. Etter kvart som dei elektroniske komponentane yter stadig meir, kostar stadig mindre og vert lettare å nytte, vert desse moglegheitene tilgjengeleg for stadig fleire. Internettet har demonstrert korleis eit slikt nett kan vakse fram og gi oss multimedia-informasjon frå heile verda. Og sjølv om kvaliteten ikkje når opp mot dei trauste forgjengarane enno, veit vi at det kun er eit spørsmål om tid. Internettet har demonstrert viktige prinsipp vi må byggje på når dei elektroniske informasjonsvegane skal byggjast.

Det er i netta det skjer.

Første del av datarevolusjonen førte dei personlege datamaskinene ut til mange arbeidsplassar og inn i mange heimar. Datateknologien vart demokratisert. No vert desse datamaskinene knytt saman i nett, og mange nett vert knytt saman, som i Internettet - som på ein god måte syner det potensialet samanknyting av nett kan gi. Frå ein smålåten start for 25 år sidan, då Internettet for ein stor del var reservert for eit lite akademisk miljø, reknar ein i dag med at minst 30 millioner brukarar i 90 land er tilknytt Internettet.

Noreg har i dag ein godt utbygd og moderne teleinfrastruktur, som gjer at vi er godt rusta til å møte den utviklinga vi ser kome. Det er dei tradisjonelle telelinene, mobilnett, kringkastingsnett, kabel-tv-nett og satellittnett som er informasjonsteknologien sitt veg- og transportnett. I tillegg har vi ei rekkje andre nett som kan nyttast til flere formål enn i dag. Elektrisitetsverka sine forsyningsnett og interne overvakingsnett, samt andre sambandsnett som t.d NSBs nett og kommunale nett, kan også nyttast til å formidle telefonsamtalar, datakommunikasjon, radio- og fjernsynsprogram. Truleg får vi her i Noreg også ein deregulering av telesektoren slik det er lagt opp til i samarbeidane land. Dette vil isåfall medføre at Telenor sin einerett til å drive telefonnett blir oppheva, og dermed vil dei alternative netta bli teki i bruk.

Dette vil gi større kapasitet, konkurranse og truleg lågare prisar på tenestene - og gjere at Internettet kan verte endå betre og rimelegare i bruk.

Kva har vi så av nett og infrastruktur i Noreg samla sett?

Vi har mange og omfattande nett som nærmar seg kvarandre teknisk sett. La oss gjere opp status:

  • Transportnettet i telenettet har pr. i dag ein digitaliseringsgrad på 82 %, og skal vere fulldigitalisert innan utgangen av 1997. Nettet består for ein stor del av fiberoptisk kabel og radiolinje. Ny teknologi vil på kort sikt mangedoble kapasiteten.
  • Tilknytingsnettet i telenettet er hovudsakleg analogt basert på kopparkabel. Nettet er ein flaskehals med tanke på overføring av store informasjonsmengder, men med ny digital teknologi kan kapasiteten tøyast monaleg. Innan utgangen av 1996 vil 90 % av abonnentane kunne knyte seg til det tjenesteintegrerte digitale nettet ISDN. Bruk av radiobaserte løysingar for tilknyting av abonnentar til nettet vil gi auka mobilitet og rask oppbyggjing av ny infrastruktur. Det vil truleg skje ei gradvis utbyggjing av fiberoptiske system i tilknytingsnettet.
  • Kringkastingsnettet består av fleire landsdekkjande nett for kringkasting av tv og radio, som alle dekkjer over 90 % av befolkninga. I tillegg kjem over 25 lokal-tv-nett og ei mengde lokalradionett.
  • Satelittar kan brukast både til telekommunikasjon og kringkasting. Infrastrukturen knytt til satelitt kan delast i tre. For det første finst eit einvegs satelittkringkastingsnett, med 17 fjernsynskanalar i dag. Desse overfører signal til kabelnett og parabolar, som når omlag 60 % av den befolkninga. Signala kan takast i mot av over 97 % av befolkninga dersom dei skaffar seg rett antenneutstyr. For det andre finst eit satelittnett for tovegs telekommunikasjon mellom faste og transportable stasjonar i og utanfor Noreg. For det tredje finst andre satelittsystem, som ikkje er under norsk eigarskap, men som kan takast inn på norsk område, med over 150 kanalar for overføring av TV-program. Dei fleste overføringane skjer via satelittane Astra, Eutelsat og TeleX/Sirius.
  • Noreg har 4 landsdekkjande mobiltelefontenester. Ved utgangen av 1995 dekte alle systema 90 % eller meir av befolkninga.

Vi kan vel snakke om 1001 nett - grensene for det moglege vert flytta!

Om nokre få år kan "alle nett nyttast til alt". Teknologiutviklinga viskar ut grensene mellom tradisjonelle teletenester, IT-tenester, informasjonstenester, og skapar grunnlag for samarbeid og konkurranse på tvers av tidlegare skilde bransjar. Opphevinga av skilja gir moglegheiter for leverandørar til å utvikle og marknadsføre tenester som kombinerer tae, data og bilete. Tilboda vi får om teletenester, fjernsynsprogram og datakommunikasjon vil verte langt større enn i dag, og til rimelegare prisar. Vi vil t.d kunne nytte heime-datamaskina til å kjøpe fly- eller teaterbillettar og handle på elektroniske torgplassar, eller nytte spesialtenester som å bestille videofilm frå ein sentral, få utdrag av Dagsrevyen levert over nettet, videokonferansar, telemedisin, fjernundervisning osv.

Enno har vi berre såvidt byrja på å utnytte dei moglegheitene informasjonsteknologien gir for å utvikle nye tenester og produkt, forenkle produksjonsprosessane og organisere arbeidet annleis. Vårt utgangspunkt er at Noreg må ta i bruk informasjonsteknologien på ein måte som underbyggjer Regjeringa sitt mål om eit tryggare og meir rettvist samfunn med arbeid for alle og auka livskvalitet for den einskilde.

Avstand hindrar ikkje lenger kontakt og samarbeid mellom verksemder og einskildpersonar. Skilnad i tidssoner kan vere eit større hinder enn avstand. Medarbeidarar i ulike verdsdelar kan løyse prosjekt saman. Ekspertar kan verte konsultert direkte. Men datanetta gjer det også vanskelegare å regulere og avgrense utbreiinga av tilbod vi ikkje ønskjer, som t.d vald, pornografi og propaganda for nasjonalistiske og rasistiske rørsler. Vi har allereie ei lovgiving som set grenser for utbreiing av t.d pornografi og vald, som i prinsippet gjeld både for trykt materiale, radio, Tv og datanettverk. Uønska innhold må vi i stor grad motarbeide gjennom haldningsarbeid. Like viktig blir det å stimulere norsk innhaldsproduksjon som ivaretek norsk språk, kultur, verdiar og normar som ein ballast for å møte anna påverknad.

Kompetanse og kunnskap vert eit stadig viktigare grunnlag for verdiskapinga, spesielt for dei moglegheitene som informasjonsteknologien skaper. Eit samfunn der kunnskap betyr stadig meir, er samstundes eit samfunn i stadig omstilling - fordi kunnskapen heile tida vert utvikla og forandra. Då må tryggleiken verte skapt gjennom evna til å meistre forandring.

Både elevar, studentar og lærarar må få ei grunnleggjande forståing og kunnskapar om informasjonsteknologi. Informasjonsteknologien må verte eit personleg hjelpemiddel slik at den kan nyttast i læring, arbeid og fritid. Eit viktig tiltak i den samanheng vil vere at norske utdanningsinstitusjonar på alle nivå, og over heile landet, får tilgang til nasjonale og internasjonale datanett - slik at dette kan nyttast aktivt i lærings- og undervisningssamanheng. I tillegg er det naudsynt å ha eit medvite forhold til likestilling både i skulen og på arbeidsplassane - både generelt og særskild når det gjeld informasjonsteknologi. Det er ikkje ønskjeleg med ei utvikling som gir skilnader mellom dei som meistrar og dei som ikkje meistrar den nye teknologien, og mellom dei som har større og dei som har mindre høve til å nytte den nye teknologien.

Vi har store forventingar til elektronisk kommunikasjon og nettinfrastrukturen, og meiner den kan effektivisere forretningsdrift og gi oss ei betre offentleg forvalting. Men dersom tryggleiken i netta ikkje er god nok, vil brukarane vere tilbakehaldne med å bruke elektronisk kommunikasjon. Difor må vi arbeide aktivt med løysingar som vil skape tillit hos brukarane, til at informasjonen er rett, sikre at sensitiv informasjon berre er tilgjengeleg for autoriserte brukarar, og at uautoriserte ikkje kan få tilgang til, endre eller øydelegge informasjon. Her ser vi for oss eit samarbeid mellom styresmaktene og privat sektor. Og fordi desse utfordringane er internasjonale bør arbeidet samordnast med tilsvarande initiativ internasjonalt. Dette er føresetnader for elektronisk handel, elektroniske marknader og åpne elektroniske betalingstenester. Vi treng løysingar for tryggleik for å sikre mellom anna personvernet og økonomiske interesser.

Nye kanalar for informasjon og kommunikasjon vil også påverke og danne grunnlag for å vidareutvikle vårt demokrati. Slik kan teknologien nyttast til å gi hurtigare og breiare tilgang til informasjon om moglegheiter og rettar og til å påverke demokratisk styring og deltaking.

I mange land har styresmaktene valt å invitere næringslivet til å investere i den IT-baserte infrastrukturutviklinga, framfor å nytte fellesskapet sine midlar. Ein nyttar marknaden og konkurranse til å avgjere kva det er behov for og i kva takt. Norske styresmakter ser at næringslivet er villig til å satse og har store forventningar til dei moglegheitene som vert skapt. Vi meiner difor at rolla til styresmaktene primært bør vere å lage spelereglar som gir framsynte rammevilkår, og som samstundes gir oss moglegheiter for politisk styring.

For tida arbeider vi med eit Stortingsframlegg, der vi tek opp dei utfordringane vi står overfor ved ei omregulering av telemarknaden. Ei utfordring i dette framlegget er å finne verkemiddel som sikrar våre telepolitiske målsetjingar i ein situasjon med generell konkurranse. Vi vil vidareføre den politiske lina som har gitt oss ein teleinfrastruktur som få andre land har, og teleprisar som ligg godt under andre land - med ein profil som også er gagnleg for distrikta.

Avslutning

Forandring skaper ikke berre moglegheiter, det skapar også utryggleik. Men det er ikkje eit alternativ å la vere å ta informasjonsteknologien i bruk. Det ville føre til at Noreg sakka akterut som industrinasjon og undergrave våre moglegheiter for å sikre verdiskapinga, sysselsetjinga og velferden.

Vi kan ikkje velje vekk informasjonsteknologien, men vi kan velje å gripe dei moglegheitene den gir og ta aktivt tak i dei utfordringane den reiser. Den norske IT-vegen må leggast bit for bit gjennom eit samarbeid mellom styresmakter, næringsliv, organisasjonar og befolkninga.


Lagt inn 7 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen