Historisk arkiv

Røynsler og tilsyn med lov om svangerskapsavbrot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Sosial- og helsedepartementet

15.12.95       

St.meld. nr.16 (1995-96) Om røynsler med lov om svangerskapsavbot m.v.

Røynsler og tilsyn med lov om svangerskapsavbrot

Granskingar som er gjennomført av Statens helsetilsyn og fylkeslegane viser at praktiseringa av lov om svangerskapsavbrot samsvarar med lova og lovas intensjonar. Einskilde område skal likevel verte følgt opp tettare. Det dreiar seg om helsepersonalets reservasjonsrett, det offentlege tilbodet om informasjon og rettleiing, samt meldepraksis.

Det offentlege har ansvar for informasjon og rettleiing til kvinner som ber om svangerskapsavbrot. Tilbod om informasjon og rettleiing basert på livssyn og ideologi er eit supplement for dei kvinnene som ønskjer det, og skal ikkje erstatte det offentlege tilbodet.

Helsepersonalets reservasjonsrett skal framleis berre gjelde for dei som utfører eller assisterer ved abortinngrepet.

Informasjon, rettleiing og avgjersleprosess

Kvinner som kjem i ein situasjon der ho vurderer om ho skal fullføre svangerskapet eller be om svangerskapsavbrot, skal få dekka behovet sitt for informasjon og rettleiing. Kvinna skal, i samhøve med lova, ha opplysningar om inngrepets art og dei medisinske verknadane. Dersom kvinna ønskjer ytterlegare informasjon og rettleiing, skal dette verte gitt på ein slik måte og ha eit slikt innhald at det ikkje direkte eller indirekte legg press på kvinna i den avgjersla ho skal ta.

Granskingar viser at kvinner får den informasjon og rettleiing lova føreset og som dei sjølv ønskjer og har behov for. Røynslene viser at kvinnene rådfører seg med personar i sitt nære miljø. Kvinna rådfører seg med barnefaren langt oftare i 1993 enn for 10 år sidan. Kvinnas rett til sjølvbestemming kan ikkje verte sameina med ein lovfesta rett for barnefaren til å uttale seg. På dette området må det vere den einskilde kvinna og hennar forhold til barnefaren som avgjer korleis mannen kan verte trukke inn i avgjersleprosessen.

Røynslene med lova gir ikkje grunnlag for å innføre obligatorisk informasjon og rettleiing til alle kvinner som ber om svangerskapsavbrot. Dette samsvarar med vurderingane sist spørsmålet vart vurdert av Stortinget. Obligatorisk rådgiving kan av dei fleste kvinnene verte oppfatta som ein lovpålagt formalprosedyre, og som om ho ikkje er i stand til å gjennomføre dei naudsynlege vurderingane og avvegingar i dette spørsmålet.

Det offentlege har ansvaret for informasjon og rettleiing til kvinner som ber om svangerskapsavbrot. Det føreset at dette skal verte dekka av den offenlege helsetenesta eller av annan offentleg verksemd, til dømes sosialkontor, familievernkontor o.l. Innan den offentlege helsetenesta har legar, jordmødre og helsesøstre ein sentral plass.

Kommunane og sjukehusa har eit ansvar for å tilby kvinna informasjon og rettleiing dersom ho ønskjer det. Ved oppdatering av rettleiing til lova, vil det verte vurdert å gi nærmare presiseringar om kommunanes og sjukehusas ansvar for å leggje til rette informasjon og rettleiing.

Som eit ledd i å styrkje tilbodet om informasjon og rettleiing, vil det verte vurdert om Helsetilsynets landsdekkjande gratis opplysningstelefon for ungdom om samliv, seksualitet og prevensjon bør verte utvida til også å omfatte vaksne.

Tilhøva skal verte lagt til rette for informasjon og rettleiing til framandspråklege kvinner.

På bakgrunn av granskingar finn Helsetilsynet at dei formelle og uformelle samarbeidsordningane som AAN (Alternativ til Abort i Norge) har inngått med 14 sjukehus, er uheldige. Denne praksisen kan gi kvinner som ber om svangerskapsavbrot, inntrykk av at AAN utgjer ein del av det offentlege tilbodet når det gjeld informasjon og rettleiing. Tilbod om informasjon og rettleiing basert på livssyn og ideologi er eit supplement for dei kvinnene som særskilt ønskjer det. Det skal ikkje erstatte det offentleges tilbod om informasjon og rettleiing eller framstå som ein del av det offentlege tilbodet. På denne bakgrunn er det viktig at helsepersonell som er tilsett i det offentlege, er seg rolla si bevisst når det gjeld ansvaret det offentlege har for informasjon og rettleiing.

Statens helsetilsyn og fylkeslegne skal føre aktivt tilsyn med at helsetenesta gir eit tilbod om informasjon og rettleiing som samsvarar med lov og forskrift og passe på at råd- og rettleiing basert på livssyn og ideologi, jf. til dømes AANs verksemd, ikkje skal stå fram som ein del av det offentlege tilbodet.

Tilsyn med praktisering av lov om svangerskapsavbrot

Granskingar som Statens helsetilsyn og fylkeslegane har gjennomført viser at praktiseringa av lov om svangerskapsavbrot samsvarar med lova og lovas intensjonar. Det er likevel behov for å følgje opp einskilde område tettare. Det gjeld det offentlege tilbodet om informasjon og rettleiing, meldepraksis og helsepersonalets reservasjonsrett.

Når det gjeld indikasjon for å be om svangerskapsavbrot etter lovas § 2 c (skade, sjukdom, utviklingsavvik hjå fosteret) viser granskingane at det hovudsakleg er svært alvorlege/dødelege utviklingsavvik som dannar grunnlaget for førespurnadane. Vidare framgår det at abortnemndene har ein relativt lik praksis i behandlinga si av førespurnadane. Dette gjeld også vurderinga av levedugleiken basert på diagnose.

Tilsyn med praktiseringa av lov om svangerskapsavbrot og fosterdiagnostisk verksemd må verte sett på som ein del av det generelle tilsynsansvaret, og integrerast i Helsetilsynets og fylkesleganes løpande verksemd.

Helsepersonellets reservasjonsrett gjeld berre for dei som utfører eller assisterer ved abortinngrepet. Helsetilsynets gransking viser at bruk av denne reservasjonsretten ikkje fører til vanskar med å få utført svangerskapsavbrot i det einskilde fylke. Det er likevel einskilde som også har reservert seg mot pleie og stell av kvinner som har fått utført svangerskapsavbrot. Dette strider mot lov og forskrift. Granskinga viser dessutan at rapporteringsplikta ikkje vert overhalde. Statens helsetilsyn og fylkeslegane vil gjennom tilsynet sitt følgje opp desse tilhøva.

Melde- og registreringssystemet

Melde- og registreringsordningane av svangerskapsavbrot er viktige reiskapar for tilsyn og overvåking av at praksis er i tråd med lov og forskrift. Vidare gir det eit viktig grunnlag for helsemyndigheitanes innsats innan førebygging av uønska svangerskap og abort.

Utviklinga innan fosterdiagnostikk, herunder bruk av ultralyd, nødvendiggjer ei oppdatering av dagens meldesystem. Det er behov for eit samordna melde- og registreringssystem for fødslar, svangerskapsavbrot og fosterdiagnostisk verksemd.

Det er ikkje behov for å endre melde- og registreringsordningane for svangerskapsavbrot før utgangen av 12. svangerskapsveke. Melderutinane til Medisinsk fødselsregister (MFR) vert foreslått utvida til å omfatte alle avslutta svangerskap etter utgangen av 12. svangerskapsveke. Rapportering om fosterdiagnostikk vert også lagt til MFR. Det vil mellom anna gi MFR moglegheit for å ta ivare oppgåva med overvåking av misdanningar. Systemet må både ta ivare personvernet og omsynet til korrekt grunnlag for statistikk.


Kontaktpersonar:
Prosjektleiar Anne Berit Gunbjørud, tlf 22 24 84 19
Rådgivar Kristina Totlandsdal, tlf 22 24 90 54


Lagt inn 15 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen