Historisk arkiv

Utviklinga i talet på svangerskapsavbrot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Sosial- og helsedepartementet

15.12.95       

St.meld. nr.16 (1995-96) Om røynsler med lov om svangerskapsavbot m.v.

Utviklinga i talet på svangerskapsavbrot

Utviklinga i talet på svangerskapsavbrot viser ein relativt stor grad av stabilitet etter at gjeldande lov trådde i kraft 1. januar 1979. Auken skjedde i åra før 1979. Etter 1979 var det ein nedgang fram til 1982 (13 496), deretter ein auke fram til 1989 (16 208).

Frå 1989 har det vore ein kontinuerleg nedgang, og ein må tilbake til 1984 for å finne lågare tal svangerskapsavbrot enn i 1994 (14 533).

Nedgangen i talet på svangerskapsavbrot fell saman i tid med den intensiverte førebyggjande innsatsen mot uønska svangerskap og abort.

Det er i dag fleire kvinner i fruktbar alder, endra alderssamansetting og fleire einslege kvinner. Dette er faktorar som har verdi for aborttalet. Dersom det skal gjennomførast samanlikningar mellom område eller over tid, bør det verte nytta mål som tar omsyn til desse faktorane. Det vert nytta abortrate (eller aborthyppigheit), dvs. tal på svangerskapsavbrot pr 1 000 kvinner i alderen 15 - 49 år eller i ulike aldersgrupper. Abortraten er redusert med 10 prosent fra 1989 til 1994.

Aldersgruppa med størst aborthyppigheit viser ei forskyving frå gruppa under 20 år i 1979, til aldersgruppa 20-24 år i dag.

Det har vore ein nedgang i talet på gifte kvinner som ber om svangerskapsavbrot. Dersom det vert teke omsyn til at ein relativt stor del no lever i sambuarskap, er nedgangen mindre. Statistikk over svangerskapsavbrot gir eit avgrensa grunnlag for å rekne aborthyppigheit etter sivil status.

Sett i forhold til 1979 er det i dag fleire kvinner som ikkje tidlegare har fødd barn, som ber om svangerskapsavbrot. I 1979 var det vel 42 prosent, i 1988 52 prosent, mens det i 1994 har sige til 46 prosent.

Det har vore ein auke i talet på kvinner som gjennomgår fleire svangerskapsavbrot. I 1994 hadde kvar tredje kvinne som fekk utført svangerskapsavbrot, tidlegare gjennomgått eit eller fleire avbrot.

I heile perioden 1979-1994 er 97-98 prosent av svangerskapsavbrota gjennomført før utgangen av 12. svangerskapsveke. Dette samsvarar med det som vert sett på å vere mest gunstig sett frå eit medisinsk synspunkt.

Talet på innvilga nemndbehandla førespurnadar har vore stabilt sidan 1979. Den viktigste indikasjon for førespurnadar som er handsama i nemnd, har vore sosiale indikasjoner (§ 2 b). Førespurnadar på grunn av kvinnas helse (§ 2 a) viser ein nedgang frå slutten av 1980-åra. Tilsvarande viser førespurnadar på sosiale indikasjonar ein viss nedgang frå same tidspunkt med ein stabil tendens dei siste åra. Førespurnadar etter indikasjon § 2 c (skade, sjukdom, utviklingsavvik hjå fosteret) viser ein aukande tendens frå slutten av 1980-talet. Auken må verte sett i relasjon til at fleire av utviklingsavvika som no vert diagnostisert ved ultralyd i svangerskapet, tidlegare først vart oppdaga ved fødselen. Det dreiar seg hovudsakleg om svært alvorlege/dødelege tilstandar som til dels ikkje kan sameinast med liv. Dersom utviklingsavviket ikkje kan sameinast med liv, vil fosteret anten dø før fødselen, under fødselen eller dei første levedøgna.

Aborthyppigheiten viser fylkesvise variasjonar. Oslo har høgast hyppigheit med eit samla aborttal i 1994 som var meir enn dobbelt så høgt som i dei delar av landet som hadde det lågaste nivået. Dette var Agder-fylka, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.


Kontaktpersoner:
Prosjektleiar Anne Berit Gunbjørud, tlf 22 24 84 19
Rådgivar Kristina Totlandsdal, tlf 22 24 90 54


Lagt inn 15 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen