Historisk arkiv

Utanriksminister Godal beklager dommen mot Wamwere

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


2. oktober 1995

Utanriksminister Godal beklager dommen mot Wamwere

- Norge beklagar sterkt dommen mot Koigi wa Wamwere, seier utanriksminister Bjørn Tore Godal. Wamwere vart i dag dømt til 4 års fengsel.

- Samtlege internasjonale observatørar og menneskerettsorganisasjonar som har følgt rettssaka er samstemde i at saka er ført på falskt grunnlag og at den difor burde ha vore avvist. Vi vil følgja den vidare utvikling nøye. Vår ambassade i Nairobi vil overfor kenyanske styremakter gje uttrykk for vår sterke beklaging over dommen, seier utanriksminister Godal.

Norges charge d'affaires i Kenya, Ove Chr. Danbolt, var saman med representantar for eit titals andre land tilstades i rettsalen då dommen mot Wamwere vart kunngjort.


Lagt inn 3 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen