Historisk arkiv

- Vala i Bosnia-Hercegovina må følgjast opp av forsoning mellom folkegruppene, seier utanriksminister Godal.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr. 112/96
20. september 1996

-Vala i Bosnia-Hercegovina må følgjast opp av forsoning mellom folkegruppene, seier utanriksminister Godal.

- Vala i Bosnia-Hercegovina vart avvikla under ekstraordinære forhold på eit fredeleg og etter måten tilfredsstillande vis, seier utanriksminister Bjørn Tore Godal. - Innsatsen til Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE), IFOR og andre internasjonale organisasjonar har i stor grad medverka til dette. Det nyvalde presidentskapet har eit hovedansvar for at vala no blir følgde opp av forsoning mellom folkegruppene og oppretting av felles politiske institusjonar som kan knyta landet saman i samsvar med Dayton-avtalen, seier utanriksministeren.

- Vala er eit viktig steg i fredsprosessen. Men det er framleis behov for ein aktiv internasjonal innsats i tida som kjem for å sikra utviklinga mot eit stabilt og fredeleg Bosnia-Hercegovina. Frå norsk side vil vi aktivt vidareføra vår humanitære innsats og vårt arbeid for fred og demokrati i landet. Hovedansvaret for om fredsprosessen skal lukkast, ligg likevel hos partane sjølve, seier utanriksminister Bjørn Tore Godal.

Lagt inn 20 september 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen