Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Endringar i garantiordning for investeringar i og eksport til utviklingsland.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


29. mars 1996

Endringar i garantiordning for investeringar i og eksport til utviklingsland.

Regjeringa har i dag lagt fram ein proposisjon om endringar i garantiordningen for investeringer i og eksport til utviklingsland (St.prp. nr 42 (1995-96)). Det vert bl.a. gjort framlegg om at ramma for garantiar og tilsegn vert auka frå 600 mill kroner til 900 mill kroner. Garantiramma er på det næraste fylt opp, og framlegget muliggjer bl.a. fortsatt finansiering av eksport av norske kapitalvarer gjennom såkalla blanda kredittar som vert finansierte over bistandsbudsjettet.

Garantiordninga vart oppretta i 1989 som ei prøveordning med sikte på å kunne nytte norsk næringsliv som ressurs- og kunnskapsbase i oppbygginga av næringslivet i dei fattigste utviklingslanda.. Ordninga er ei bistandsordning som er meint å dekke land der risikoen er for høg til at Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) almenne garantiordning kan nyttast. Ordningen vert administrert av GIEK, og bistandskarakteren sikrast ved at NORAD skal godkjenne dei enkelte prosjekta som utviklingsfremmande.

Regjeringa gjer nå framlegg om å gjere ordninga permanent. Det foreslås samstundes enkelte

endringar for å gjere ordninga meir tilpassa dei tilhøva ein nå møter i utviklingsland som gjennomfører omfattande program for privatisering og økonomiske reformar.Det vert i denne samanheng gjort framlegg om at det nåverande krav til motgaranti frå styresmaktene i mottakerlandet i enkelte unntakstilfelle skal kunne fråvikast, samtidig som det i slike unntakstilfelle vert foreslått å opne for å dekke kommersiell risiko. Ordninga dekker i dag berre politisk risiko.For å dekke den kommersielle risikoen vert det gjort framlegg om at garantigjeving berre skal kunne skje gjennom samfinansiering med dei internasjonale finansieringinstitusjonane som bl.a. Verdsbanken og IFC, eller gjennom private bankar/finansinstitusjonar.


Lagt inn 1 april 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen