Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Konvensjon om tiltak mot ørkenspreiing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


29. mars 1996

Konvensjon om tiltak mot ørkenspreiing

Det vert i dag lagt fram i Statsråd ein Stortingsproposisjon (nr. 46 (1995-96)) om ratifikasjon av Dei sameinte nasjonane sin konvensjon om tiltak mot ørkenspreiing i land som er ramma av tørke og / eller ørkenspreiing, særleg i Afrika.

Store landområde i utviklingsland er utsett for avskoging, overbeiting, saltopphoping og erosjon. Situasjonen er særleg vanskeleg i område med lange periodar med tørke. Lengre tørke har ført til svolt og migrasjon, husdyrhaldarar har mista dyra sine og jorda har vorte saltbitter der det ikkje er nok vatn til vatning. Slik øydelegging av vassressursar, vegetasjon, fauna og jordsmonn i tørre område, vert kalla ørkenspreiing.

Ørkenspreiing vart diskutert saman med andre miljøproblem på FN sin konferanse om miljø og utvikling i Rio i 1992. Som ei oppfølging av handlingsplanen frå Rio, Agenda 21, har ein no blitt samde om ein internasjonal konvensjon om tiltak mot ørkenspreiing.

Konvensjonen skal følgjast opp gjennom nasjonale, subregionale og regionale handlingsprogram. Ein legg vekt på tiltak som er førebyggande og på å få med lokale folkegrupper i planlegging og gjennomføring. Den viktige rolla kvinner har i ressursforvaltninga er understreka. Det vert og lagt stor vekt på arbeidet til dei frivillige organisasjonane og forsking med omsyn på å kome fram til betre handtering av problema.


Lagt inn 1 april 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen