Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Noreg og Russland underteiknar skatteavtale

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


26. mars 1996

Noreg og Russland underteiknar skatteavtale

Utanriksminister Bjørn Tore Godal og den russiske finansminister Vladimir G. Panskov underteikna i Oslo i dag ein skatteavtale mellom Noreg og Russland.

Føremålet med avtalen er å hindre dobbelskattlegging og førebyggje skatteunndraging. Avtalen avløyser skatteavtalen mellom Noreg og Sovjetunionen av 15. februar 1980 som ved ein protokoll av 22. april 1993 vart gjort gjeldande for Den russiske føderasjon. Den nye avtalen vil vere tilpassa dei nye økonomiske forholda i Russland og vil difor vere med på å leggje forholda til rette for utvida økonomisk samkvem mellom dei to landa.

Avtalen følgjer i store trekk det mønsterutkastet for slike avtalar som er utarbeidd i OECD og som er blitt lagt til grunn i Noreg sine skatteavtalar med andre land dei seinare åra. Det er teke inn enkelte særlege reglar mellom anna om hjelp til innkreving av ubetalte skattar.

Avtalen vil få verknad frå første året etter at partane har varsla kvarandre om at dei forfatningsrettslege vilkåra for at avtalen skal tre i kraft er gjennomførte i begge landa.


Lagt inn 26 mars 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen