Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Nye avtaler om internasjonal tenestehandel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


29. mars 1996

Nye avtaler om internasjonal tenestehandel

Regjeringa la i dag fram Stortingsproposisjon nr. 45 (1995-96) " Om resultatet av forhandlingene om finansielle tjenester og bevegelighet for personer i Verdens handelsorganisasjon (WTO) og om samtykke til undertegning av Annen og Tredje protokoll til Generalavtalen om handel med tjenester (GATS)".

I proposisjonen vert det gjort framlegg om at Noreg underteiknar to nye protokollar om liberalisering av internasjonal tenesteyting som vart vedtekne i Verdens handelsorganisasjon (WTO) i fjor. I dei nye avtalene kjem det klart fram kva reglar utanlandske tenesteytarar har å halde seg til i dei einskilde land. Dermed kan også norske tenesteytarar og investorar som opererer på det internasjonale markedet med større visse førebu framtidige avgjerder og få auka rettstryggleik.

For Noreg sin del vil avtalene berre ha verknad for tilhøvet til land utanfor EØS-området etter som EØS-avtalen allereide har tilsvarande føresegner. Gjennom avtalene bind Noreg seg til å gjere det lettare for utanlandske bankar og forsikringsselskap å drive verksemd i Noreg. Samtidig vert det, innan visse sektorar, som t.d. revisjon, reklame og rådgjeving til verksemder gjort noko lettare for utanlandske yrkesutøvarar å yte tenester i Noreg.

Det aller meste av Noreg sin internasjonal tenestehandel i dei ovannemnde sektorane skjer i dag med EU-landa. På kort sikt vil det difor neppe få stor praktisk verknad for Noreg å slutte seg til avtalene. I WTO vert det teke sikte på å starte nye forhandlingar for å utvide og betre det eksisterande avtaleverket i løpet av få år.


Lagt inn 1 april 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen