Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Regjeringa godkjenner nordisk avtale om høgare utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet

Nr. 106/96
6. september 1996

REGJERINGA GODKJENNER NORDISK AVTALE OM HØGARE UTDANNING

Regjeringa har i dag godkjent ein ny avtale som inneber ei forlenging av ein tidlegare avtale av 29.(1) mai 1994 mellom Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige om tilgang til høgare utdanning. Avtalen vil gjelda frå 1. januar 1997 og ut 1999, om ikkje anna vert avtalt før den tid.

Avtalen forpliktar partane til å gje utdanningssøkjande som er busette i eit anna nordisk land tilgang til offentleg høgare utdanning på same eller likeverdige vilkår som søkjarar frå eige land. Den er såleis eit ledd i det overordna målet om å skapa eit nordisk utdannings- og forskningsfellesskap. Avtalen gjer det mogeleg for norske studentar å konkurrere på like vilkår med studentar frå dei andre nordiske landa om studieplassar på over 500 høgare nordiske utdanningsinstitusjonar. Studentar under forskarutdanning fell ikkje inn under avtalen.

Avtalen inneheld reglar for finansiering av ordninga mellom dei nordiske landa, og for Noregs del er det rekna ut at netto utgifter for 1997 vil utgjera om lag 15 mill. kroner. Beløpet er rekna ut frå talmateriale frå studieåret 1994/95. Det viser at Noreg har ca. 1500 studentar i dei andre nordisk land, medan ca. 700 studentar frå dei andre nordiske landa studerer i Noreg.

Avtalen vil ikkje vera til hinder for at partane kan ha tosidige avtalar om kjøp eller liknande av studieplassar innafor spesielle utdanningsretninger.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Jan S. Levy, Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet.


Lagt inn 9 september 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen