Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Regjeringa foreslår ratifikasjon av PFP-statusavtalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


26. april 1996

Regjeringa foreslår ratifikasjon av PFP-statusavtalen

Regjeringa har i dag i statsråd lagt fram ein stortingsproposisjon om samtykke til ratifikasjon av den såkalla PFP-statusavtalen for Stortinget.

PFP-statusavtalen regulerer det rettslege forhold mellom sendar- og mottakarstat for militære styrkar som deltar i øvingar i Partnarskap for fred-samarbeidet. Dette gjeld bl.a. innreisevilkår og straffe- og sivilrettslege forhold for soldatar som deltar i øvingar i PFP-land. PFP-statusavtalen inneber at NATO si statusavtale frå 1951 vert lagt til grunn ved militære øvingar i land som ikkje er medlemmer i NATO, men som er med i Partnarskap for fred.

Det er dessutan utforma ein tilleggsprotokoll til avtalen som set forbod mot at soldatar som deltar i slike øvingar i PFP-land skal kunne risikere dødsstraff som følge av lovgjevinga i mottakarstaten. NATO forutset at dei PFP-landa som sluttar seg til PFP-statusavtalen óg sluttar seg til tilleggsprotokollen. Sidan dette berre er ei politisk oppmoding som ikkje er rettsleg forpliktande, vil Regjeringa foreslå å ta atterhald ved ratifikasjon av PFP-statusavtalen slik at Noreg berre er bunden av avtalen i forhold til dei PFP-landa som óg vil ratifisere tilleggsprotokollen.

Både PFP-statusavtalen og tilleggsprotokollen vart underteikna, mellom anna av Noreg, i Brussel 19. juni 1995. PFP-statusavtalen vart sett i verk 12. februar 1996. Tilleggsprotokollen har enno ikkje teke til å gjelde.


Lagt inn 30 april 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen